Gå til sidens hovedinnhold

Ni personar smitta i Ulvik – no stenger kommunen ned

Det er stadfesta tre nye tilfelle av covid-smitte i Ulvik søndag, noko som betyr at det no er ni personar som er smitta og sett i isolasjon. No har heradet vedteke nye lokale smittervensreglar.

(Hardanger Folkeblad:) – Alle smittetilfella er relatert til kvarandre og har kjend smitteveg, skriv ordførar Hans Petter Thorbjørnsen i ei pressemelding.

Heile barnehagen, fire avdelingar, er sett i karantene. Det same er sju klassar ved Brakanes skule.

– På bakgrunn av dette er det avgjort at alle elevane skal ha digital undervising neste veke. Det vil bli gjennomført testing av barn og elevar måndag til torsdag komande veke. Eidfjord kommune skal hjelpe oss i dette arbeidet, slik at me får testa flest mogleg på kortast mogleg tid, skriv ordføraren.

På bakgrunn av situasjonen har kommuneoverlegen vedteke mellombels lokal føresegn, gjeldande frå og med 1. februar til og med 7. februar.

Forskrifta omfattar mellom anna følgande smitteverntiltak/restriksjonar:

  • Krav om bruk av munnbind på offentleg transportmiddel, i butikkar og elles på offentlege stader
  • Alle arrangementslokale skal halda stengt. Dette gjeld og museumsdrift, treningssenter, ungdomsklubb, m.v. og gjeld både for barn, unge og vaksne.
  • Både grunnskulen, produksjonsskulen, fagskulen og vaksenopplæringa held stengt og det vert lagt opp til digital undervisning, så langt det går.
  • Barnehagen og SFO er stengt.
  • Alle med kontorarbeidsplass, i og utanfor heradet skal nytta heimekontor, så langt det er mogleg.
  • Serveringsstader må stengja seinast kl. 22:00 og kan ikkje servera alkohol etter kl. 21:30 (framleis berre i samband med matservering)

Forskrifta seier òg at all organisert trening utgår dei neste 7 dagane. Treningssenter og andre aktivitetslokalitetar held stengt. Kinoen held stengt og biblioteket er stengt for besøkande.

Ordførar i Eidfjord, Anders Vatle, opplyser på kommune sine heimesider at dei ber innbyggjarar i Eidfjord om å halda seg oppdatert på informasjon som vert lagt ut på Ulvik herad sine sider.

– Eidfjord kommune skal hjelpa Ulvik med å gjennomføra testing komande veke. Parkeringsplassen utanfor kommunehuset vil difor vera avstengt dei dagane dette føregår, skriv Vatle.

Kommunen minner om at ein ikkje skal møta opp på legekontoret og hjå fysioterapeut utan å ha gjort avtale på førehand.

Legekontoret vil vera stengt for andre når testing går føre seg.

Kommentarer til denne saken