Noreg er avhengig av bønder som har tru på framtida, også når prisane på gjødsel, diesel, straum, kraftfor og plast løper løpsk.

Trygg og næringsrik mat er ein del av vår forsvarsevne. Me ser i dag at tilgang til viktige råvarer blir brukt som ein del av eit internasjonalt politisk spel. I dag er det gass, i morgon kan det vera mat. Den russiske invasjonen i Europas kornkammer er eit trist bevis på at det er viktig å ha nasjonal sjølvforsyning. For KrF er kampen for eit berekraftig landbruk difor ikkje berre mat-, næring-, folkehelse-, landskaps- og distriktspolitikk. Det er også ein viktig del av sikkerhetspolitikken vår.

Store ekstrautgifter for norske bønder gjer det nødvendig å ty til ekstraordinære tiltak. For uro og usikkerhet har skapt bekymring. Bønder som opplever at utgiftene er mangedobla frå det eine året til det neste, ser at arbeidet knapt gir overskott. Denne utfordringa må løysast no. Bøndene må få ro til å konsentrera seg om våronna, ikkje ligga vakna og tenka på gjødselprisar, likviditet og renter – eller om dei må avvikla drifta.

Rogaland KrF meiner difor norske bønder må få ein garanti for at ekstrakostnader vert dekka, og at inntektsgapet vert redusert i år. I tillegg må bøndene sikrast tilpassa tilskotsordningar, og midlar til å investera i framtidsretta driftsbygningar