I desse dagar sit regjeringspartia Ap og SP i forhandlingar med SV om neste års statsbudsjett. Budsjettet er stramt, men samstundes så skal eit statsbusjett også vera med å:

· bygge framtida

· sikre og legge til rette for nye arbeidsplassar

· ta oss eit steg vidare i det grøne skiftet.

Alle punka ovanfor vert sjekka av dersom Ap og Sp gjev SV gjennomslag til å starte bygginga av ny Røldalstunnel på E134 i 2023. For å få dette til må det løyvast «berre» 100 millionar i oppstartsløyving i det komande statsbusjettet.

Argumenta for ny Røldalstunnel er mange.
M.a. sparer eit vogntog om lag 40 liter diesel kvar veg (verdi 8-900 kr) som følgje av 1000 sparte høgdemeter ned og opp igjen frå Røldal. I tillegg syner utrekningar at med forventa trafikk i 2026 så vil ein kunne spare heile 16.000 tonn CO2 årleg som følgje av denne nye tunnelen.

Vi venter difor spent på utfallet av forhandlingane i Stortinget og meiner det bør vera heilt opplagt at budsjettforliket som vert landa om nokre veker, har i seg byggestart på ny Røldalstunnel i 2023