VINDAFJORD: Samstundes som Vindafjord kommune vann ein delsiger då tingretten torsdag reduserte avkortinga av forsikringssummen for den nedbrente Vindafjordhallen, er ein ny politisk kamp om plassering av ny svømmehall i full gong.

– Eg gler meg over at tingretten reduserte avkortinga frå 30 prosent, som KLP påstod, til 10 prosent. For Vindafjord kommune betyr det at kommunen får utbetalt rundt 90 millionar i staden for eventuelt 70 millionar kroner, seier ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) til Haugesunds Avis.

Samstundes er vatsbuen og ordførar Vierdal lite glad for eit initiativ som kjem frå grendelag og idrettslag i Ølen: Dei vil ha full utgreiing av kor det er gunstigast økonomisk å plassera ein ny, kommunalt dreven svømmehall.

Dette gjekk også kommunedirektør Yngve Folven Bergesen inn for. Men i formannskapet denne veka valde alle politikarane, med unntak av Frp, å stryka formuleringa om brei utgreiing av stadval.

Nå skal saka opp til endeleg avgjerd i kommunestyret 21. september.

– Det er viktig at det kjem fram at det kommunale symjebassenget ligg i Ølen i dag, der har det vore sidan 1978, seier leiar i Ølen idrettslag, Siv Iren Børve.

– Difor handlar denne saka om kvifor symjebassenget med eit pennestrøk skal flyttast frå Ølen til Vats, utan ei utgreiing. Me støttar kommunedirektøren sitt forslag.

– Nærmar oss 50 års drift

Børve fortel at arbeidet med ny symjehall i Ølen var satt i gong i 2016. Når Ølen symjehall når sin driftsalder, i ca. år 2028, ville Ølen idrettslag kunne stå klar med eit eventuelt nytt basseng. Dei har sidan arbeidet starta kartlagt driftskostnader og har jobba med ulike alternativ for korleis eit nytt basseng kan drivast.

Børve legg til at då svømmehallen i Vats brann ned la anleggsgruppa i Ølen Il arbeidet på is ei stund, i respekt for at Vats skulle få arbeida i fred.

– No nærmar me oss 50 års drift i det kommunale bassenget i Ølen og anleggsgruppa har tatt opp igjen tråden i samband med at me ser på ny fleirbrukshall.

Som leiar understrekar ho at leiinga i Ølen idrettslag aldri har tenkt at forsikringssummen frå Vats skulle brukast til svømmehall i Ølen.

– Me har unnt Vats å bygga opp igjen det dei hadde, det har det aldri vore tvil om, men på same vilkår som før brannen, seier Siv Iren Børve.

– Eg er skaka

Bjørn Alvseike, leiar av svømmegruppa i Ølen Il med over 240 medlemmer, seier han er skaka over at det politiske fleirtalet i formannskapet ser bort ifrå tilrådingane frå kommunedirektøren om ei utgreiing av dei framtidige driftskostnadene for ein kommunal svømmehall.

Han uttalar seg her som privatperson og eldsjel – og ikkje på vegner av anleggsgruppa i Ølen idrettslag.

– Kommunedirektøren seier jo samstundes at kommunen berre har råd til å drifta ein svømmehall. Svømmehallen i Ølen er såpass gammal at den må stengjast i løpet av seks-sju år. Her er 700 brukarar i veka. Her er kommunesenteret med ansvar for opplæring av flyktningar og her er dei kommunale fysioterapeutane som driv helsetrening i bassenget. I Ølen kan det også vera mogeleg å få til ein ny, felles svømmehall med Etne, meiner Alvseike.


Vil ikkje ta pengar frå Vats

Bjørn Alvseike understrekar at ølensmiljøet som også vil ha greidd ut svømmehall i Ølen, ikkje vil ta forsikringspengane frå vatsbuen.

– Me kjenner forhistorien, veit det var ei gåve til bygda og meiner vatsbuen må få gjera kva dei vil med forsikringspengane. Vil dei byggja basseng, fleirbrukshall eller anna, meiner eg det skal vera vatsbygda si sak.

Og ein ting til: Dersom utgreiingane viser at Vats er den beste og mest økonomiske staden for å driva ein kommunal svømmehall, skal me akseptera dette. Me reagerer mot at politikarfleirtalet stoppar utgreiing. Er dei redde for kunnskap? spør Alvseike.

Han ventar støtte i utspelet frå grendelag både i Ølen og Ølensvåg.

Samarbeid med Etne?

Samstundes har det vore kontakt mellom idrettsmiljøa i Etne og Ølen med sikte på eit samarbeid som femner vidare. I Ølen planlegg idrettslaget ny fleirbrukshall. Her er det samtaler om regional klatrehall saman med Etne, samstundes som idrettsmiljøet i Ølen vil at Vindafjord skal støtta friidrettsanlegg i Etne.

Leiar i Ølen idrettslag, Siv Iren Børve, seier anleggsgruppa i idrettslaget ønskjer ei utgreiing av kommunal svømmehall. – Ingenting burde vera «setla» før fakta ligg på bordet, seier Børve.

Ho fortel at idrettslaget først ved innkallinga til formannskapsmøtet 7. september blei klar over at det kommunale svømmebassenget i Ølen blir «sett i spel» – ettersom utgreiinga frå eit konsulentfirma tilrår at det berre blir eit kommunalt svømmeanlegg i framtida. Av omsyn til kompetanse og driftsutgiftene.

I studien heiter det at «kommunen ville vore tent med eit samla, større bassenganlegg, inkludert treningsbasseng og terapibasseng.

– Avgjort i 1992

– Vatsbygda fekk ei gåve og vatsbuen sa i realiteten kva dei ville bruka gåva til i 1992. Fleirtalet sa dei ville ha svømmehall. Ein brann 30 år seinare kan ikkje rettferdiggjera at svømmehallen berre skal forsvinna or bygda. Me har hatt to rundar tidlegare om å vurdera andre stader, og me har hatt ein mulegheitsstudie, seier ordførar Ole Johan Vierdal.

Leiar i partslaget Vindafjordhallen, Janne Urdal, har ei klar oppfordring til Ølen il og Ølen grendeutval:

– Legg denne ballen død, Ølen – ein gong for alle! Ølen har fått flust av det meste, mykje i Vindafjord er lokalisert dit. Svømmehallen, som kommunen skal drifta, skal liggja i Vats, slår ho fast.

Ho gir Ølensmiljøet ros for at dei står på og får ting til. – Men eg synest dei skal halda seg for gode til å bruka ein brann til å få overført noko ei anna bygd har hatt i mange år.

– For dyrt, seier Frp

Mats Årvik, som sit i formannskapet for Frp, seier kommunedirektøren signaliserer at kommunen berre har råd til å drifta eit svømmeanlegg, samstundes som nabokommunen Etne har eit 53 år gammalt basseng.

– Det er driftskostnadene som er min bekymring. Difor bør me finna det rimelegaste alternativet, elles er eg redd to basseng kan tvinga oss til kutt i andre sektorar, som for eksempel i talet på skular.