Inngangsparti - ikkje parkeringsplass

Parkeringsplassen utføre Husnes kyrkje har fått ein heilt anna prislapp enn det som var planlagd. Dersom kommunen får det som dei vil, vil 1,5 millionar kroner frå ei statleg tiltakspakke dekka den opprinnelege prisen på "inngangspartiet". Kostnadsauken etter pålegget om auka standard må kommunen imidlertid uansett betala sjølv.

Parkeringsplassen utføre Husnes kyrkje har fått ein heilt anna prislapp enn det som var planlagd. Dersom kommunen får det som dei vil, vil 1,5 millionar kroner frå ei statleg tiltakspakke dekka den opprinnelege prisen på "inngangspartiet". Kostnadsauken etter pålegget om auka standard må kommunen imidlertid uansett betala sjølv. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Det er kommunen sin argumentasjon for å bruka tiltakspakkepengar på området utføre Husnes kyrkje.

DEL

KVINNHERAD: Føljetongen om opprustinga av parkeringsplassen utføre Husnes kyrkje ser ikkje ut til å ville ta nokon ende, i alle fall med det første.

I eit skriv til formannskapet, som har møte i morgon, gjer rådmannen eit forsøk på å gjera greie for ein noko krokete prosess som har ført til at ein meiner å kunne forsvara å ha brukt 1,5 millionar kroner av den statlege tiltakspakken til inngangspartiet til kyrkja.

I strid med reglane

Rådmannen skriv at kommunestyret vedtok å bruka desse midlane til fullfinansiering av parkeringsplassen utføre kyrkja, trass i at det blei presisert i regelverket frå departementet at midlane ikkje kunne nyttast til fullfinansiering av godkjende prosjekt.

– I og med at Kvinnherad er på Robek-lista, må Fylkesmannen godkjenna budsjetta og økonomien til kommunen. Så når me ikkje høyrde noko frå han om dette, rekna me med at det gjekk greit, og tok ikkje nokon omkamp med politikarane om dette, utdjupar kommunalsjef Kjell Odd Nygård.

Så lett var det imidlertid ikkje. Dette blei nemleg plukka opp av revisoren, som sa at kommunen måtte få dette godkjend hjå Fylkesmannen. Fylkesmannen sa, ifylgje Nygård, då at han ville godkjenna det viss revisoren godkjende det.

Fontene og stein

Då saka på ny blei tatt opp med revisor, aksepterte han til slutt at det ikkje var snakk om fullfinansiering av ein parkeringsplass, men om bygging av eit nytt inngangsparti.

– Pengane er brukt til ei fontene og ein steinsirkel og litt forskjellig. Ingenting som har noko med parkering av bilar å gjera, seier Nygård.

Han vedgår at inngangspartiet også allereie var eit godkjend prosjekt då tiltakspakken kom, men vonar denne bruken av pengane likevel vil bli godkjend, når revisor har akseptert det.

Påla kostnadssprekk

Heilt godkjend var prosjektet imidlertid ikkje, men det er liten grunn til å tru at det var denne type ikkje-godkjende prosjekt departementet meinte i regelverket for tiltakspakkane.

Som innsida.no skreiv om i fjor blei nemleg kostnaden på prosjektet sprengd med rundt 800.000 kroner, etter pålegg frå ordføraren om å legga skifer i staden for brustein, utan noko politisk vedtak i ryggen.

– Det er den opprinnelege prisen på prosjektet som me vil dekka inn med tiltakspengane. Overskridingane må kommunen dekka inn sjølv, seier Nygård.

Kostnadsauken som kom på grunn av pålegget frå ordføraren har vore til handsaming i Kontrollutvalet, og saka vil bli lagt fram for kommunestyret til neste møte.

Artikkeltags