No skal 15-åringane Viljar, Andrea og Sander læra seg å segla

Stolte båteiere: Viljar S. Tveit, Andrea Hjelmeland og Sander Simensen.

Stolte båteiere: Viljar S. Tveit, Andrea Hjelmeland og Sander Simensen. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Då seglbåten dei hadde sett på Finn blei sett ned i pris, slo desse ungdommane frå Uskedalen til og kjøpte den for 5.000 kroner.

DEL

KVINNHERAD [KVINNHERINGEN]: – Vi brukte litt av konfirmasjonspengane våre, og det blei ikkje meir enn 1.600 kroner på kvar. Vi hadde ikkje tenkt å kjøpa nokon dyr båt, så då vi såg at prisen var sett ned til 8.000, tenkte vi at vi kunne pruta litt, fortel 15-åringane Viljar Simones Tveit, Andrea Hjelmeland og Sander Simensen frå Uskedalen.

Vi møter dei i båthamna i Uskedalen, der seglbåten på 22 fot ligg. Ungdommane hoppar om bord og viser oss inn i byssa.

– Alt treverket inni er nytt og nymala. Det er sengeplass til fire, men vi kan nok få plass til fem-seks, fortel Viljar.

– Det er toalett her også, seier Sander og Andrea.

Båten er i god stand, men ungdommane må fiksa luka til kahytten, byta noko tauverk, og kjøpa motor.

– Korleis fekk de for dykk at de skulle kjøpa seglbåt?

– Vi heng no mykje i lag, og har ofte slike påfunn, flirer Sander.

– Vi snakka om at vi ville på sjøen, og først var ideen vår å kjøpa ein flåte. Men så begynte vi å sjå litt på båtar, og denne fann vi på Finn for ei stund sidan. Så blei prisen sett meir og meir ned, og då slo vi til, seier Viljar.

Både Viljar og Andrea sine familiar har hatt seglbåt, og dei har derfor vore med og segla før. Men no vil dei tre venene ta seglkurs for å læra seg å segla skikkeleg på eiga hand.

– Når vi har lært oss å segla har vi lyst til å ta ein lengre tur og overnatta, kanskje til Bergen. Det blir kjekt. Vi håpar å kunna ta med oss fleire vener også, seier Andrea.

– Eg har ein draum om Panama! Ein gong skal eg dit, smiler Sander.

Artikkeltags