Borgøy – perla i Hervikfjorden

Av
Artikkelen er over 16 år gammel

På veg inn til Skjoldastraumen med båt er du nøydd for å segle forbi Borgøy. Perla i Hervikfjorden.

DEL

- Folketalet aukar enormt om sommaren. Kaféen hadde 10.000 besøkande i fjor. Det er stort sett slekt eller andre med tilknyting til øya som kjem for lengre periodar, men mange båtturistar kjem tilbake år etter år, fortel Aashild Hettervik. Ei av 17 fastbuande som kjempar for at det framleis skal bu folk på den idylliske øya. Av 70 grunneigarar er det berre sju som bur fast.
Kommunen spanderer ein million kroner i året for å oppretthalde samfunnet på Borgøy. For den summen får øyfolket gratis skyssbåt til og frå fastlandet to-tre gonger til dagen, alle dagar bortsett frå søndagen. Ein båttur som tek knappe ti minutt.

Altmoglegmann

Karl Albert Heskja er kaptein og einaste mann om bord på skyssbåten. Dermed må han og fungere som både postmann og renovasjonsarbeidar.
- Er altmoglegmann, ler han i det han nett har levert tomme bosspann på øya og tømt den raude postkassen for post som skal sendast.
- Har hatt jobben i to år. Kjempeflott, skryt han.
- Men du bur ikkje på øya sjølv?
- Æh, nei. Det blir litt… Ja, du veit, svarar han forsiktig. Kanskje ikkje rart Aashild Hettervik kvelden før spurde oss om me meinte dei var litt merkelege som ville bu her ute, dei 17 som alle heiter Hettervik til etternamn. Tre i trettiåra, tre under skulepliktig alder, medan resten er frå seksti og oppover.

Drøymer om bru

Men merkeleg er det ikkje. Fredeleg er derimot ei anna sak. Meir liv var det nok då det var jakt etter sylv, koppar og sink i berggrunnen. Eller då notbruket ikkje var kafé og leilegheiter og hadde 50 mann i arbeid i vintersesongen.
Mennene på Borgøy er nemleg kjent for å vere særs dugande som fiskarar. Men no er det ingen som driv det yrket herifrå.
Mest kjent er likevel Borgøy for kunstnaren Lars Hertervig, lyset sin målar. I år er det 100-årsmarkering av kunstnaren sin bortgang. Ein mann som døde fattig og som folk meinte var gal, men viss bilder kan vere verd millionar av kroner i dag. Stadig blir ny kunst av Hertervig oppdaga.
No drøymer folket på Borgøy om bru. Ei bru over Hervikfjorden. Då kjem kanskje folk tilbake til øya. Ikkje berre bilane.
- Men bru kjem nok ikkje i vår tid, meiner Georg Hettervik.
Joar.grindheim@haugesunds-avis.no
ALTMOGLEGMANN: Karl Albert Heskja køyrer skyssbåten til Borgøy og må fungere som både postmann og renovasjonsarbeidar.

Artikkeltags