Hyttefolket slurvar med branntryggleiken

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

[KVINNHERINGEN]: Ei undersøking av Norsk brannvernforeining i samarbeid med Tryg i 2016, viste at rundt 8.000 hytter i Norge ikkje har røykvarslar, og heile 15.000 hytter manglar sløkkeutstyr.

– Undersøkinga viser tydeleg at nokon ikkje tar branntryggleiken skikkeleg på alvor, seier administrerande direktør i Norsk brannvernforeining, Rolf Søtorp, i ei pressemelding.

– Ein fritidsbustad har dei samme lovpålagde krava til røykvarslar og sløkkeutstyr som ein vanleg bustad. Det viktigaste er likevel at slikt utstyr bidrar til å redda liv og verdiar. Vår klare oppmoding er at ein tar dette på alvor, og ser til at hytta er utstyrt slik den skal vera, seier Søtorp.

Tal frå Finans Norge viser at det gjennomsnittleg brenn i rundt 1.000 fritidsbustader i Norge per år. Gjennomsnittleg forsikringsutbetaling er på heile 300.000 kroner for desse brannane.

Lang veg for brannvesenet

– Branntryggleik er ekstra viktig på hytta, fordi det kan ta lang tid for det lokale brannvesenet å rekka fram. På hytta må du sjølv vera førebudd på å sløkka ein eventuell brann, seier Ole Irgens i Tryg Forsikring.

Hyttefolket bekreftar også at dei legg ned mykje handverksmessig eigeninnsats. Ein tredel seier i undersøkinga at dei utfører arbeid på hytta av handverksmessig karakter, utan å vera faglært til dette.

– Det er ikkje sikkert at forsikringa dekker uheldige forhold og hendingar som oppstår som følgje av slik eigeninnsats, seier Irgens.

No i påsken skal brannvesen over store delar av landet ut og treffa hyttefolket for ein hyggjeleg prat om branntryggleik. Då vil dei også dela ut ein trykksak utforma som ei minihytte, samt røykvarslarbatteri. Minihytta skal hengast opp ein eigna stad i den verkelege hytta, og gir ei god oversikt over kva ein må tenkja på for å unngå brann. Den har og eit magasin til ekstra røykvarslarbatteri slik at ein alltid har dette tilgjengeleg.

Kampanjen blir utført av brannvesenet i dei fleste av landets store hyttekommunar i samarbeid med Norsk brannvernforeining og Tryg Forsikring.

Tryg Forsikring og Norsk brannvernforening anbefalar følgjande sjekkliste på hytta:

  *   Test røykvarslaren kvar gong du tar hytta i bruk.

  *   Gå aldri frå levande lys.

  *   Ikkje bruk peis/ovn som tørkestativ.

  *   Askeavfall må handterast på ein forsvarleg måte.

  *   Ikkje gå frå hytta med elektriske husholdningsapparat i bruk.

  *   Ved bruk av gass: Sjekk utstyret jamleg.

  *   Sjå til at hytta har tilstrekkjeleg med brannsløkkingsutstyr.

  *   Sørg for å utføra alle bygningsmessige endringar etter gjeldande regelverk

  *   Sjekk skorstein og eldstad. Fei skorstein etter behov.

Artikkeltags