Den eigentlege Elin Tvedt

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

Elin Tvedt satsar stort i «Eit døgn med Elin» på TV Norge.

DEL

- Dette er fyrste gongen folk får sjå meg slik eg eigentleg er, seier ho til Haugesunds Avis. Elin Tvedt berre ler av at VG gav det nye programmet hennar ein toar.
- Det er lett å synest at det var morosamt når det berre er ein person som har klaga på det.
«Eit døgn med Elin» hadde premiere på TV Norge torsdag i sist veke. I snitt følgde 126.000 sjåarar Ølen-jenta då ho var eit døgn saman med Tor Erling Staff i Lisboa. Denne veka er det møtet med John Carew i Valencia som skal lokka sjåarar til programmet.

Draum

Tvedt seier det lenge har vore ein draum å laga dette programmet.
- Då eg jobba i TV tidlegare, hende det at eg gløymde å slå av mikrofonen slik at folk høyrde meir enn det som var tenkt. Då fekk eg tilbakemelding om at eg var flink å få folk i tale.
No kan ho kan sjølv velje kven ho vil ta med seg på tur.
- Var du nervøs før filminga tok til?
- Ja eg var vel det. Når dette starta tenkte eg: Herregud, klarar eg dette? Eg har jo forferdeleg mykje å lære, og eg er jo ganske ny i gamet.
- Er det ei seriøs Elin Tvedt me får sjå på skjermen no?
- Kanskje er det heller mindre seriøst? I dette programmet er det viktig å spøke og le. Men òg å vere alvorleg der det passar seg, smiler ho.

Kjendis i bygda

Tvedt har budd i Oslo over to år, men er ofte heime i Ølen.
- Korleis er det å vere kjendis i eiga bygd?
- Det er klart det er litt annleis å kome heim no etter å ha vore på skjermen. Men eigentleg er det i Ølen eg har merka minst forskjell. Der kjenner dei meg.
I Haugesund er det derimot blitt litt annleis. Folk vil snakka med meg og ser på meg som ein av dei. Det er veldig kjekt. Haugesund er jo ein by me har reist inn til for å handla, eller gå på byen. Men det er jo ikkje der eg kjenner folk.
SHOW: Ølen-jenta Elin Tvedt stortrivst med eige program på TV-Norge. Ho bestemmer sjølv kven som får tilbringe eit «Et døgn med Elin».

Artikkeltags