Gå til sidens hovedinnhold

Vennene sat i baksetet og humøret var på topp – festen i Rosendal hadde innfridd. Så sa det pang.

Bente Kari og vennene i baksetet overlevde. Dei to unge gutane framme i bilen omkom. På eit ørlite augeblikk hamna den då 16 år gamle jenta i sitt livs verste mareritt.

Artikkelen er over 3 år gammel

[KVINNHERINGEN]:

Bente Kari tok seg til hovudet. Det var heilt svart. Ho fekk til slutt krabba ut av bilvraket på eiga hand. Det kom folk til, og adrenalinet pumpa. Ho kom frå det utan alvorlege skadar, men kroppen var mørbanka. Ein av passasjerane ho sat med i baksetet sat fastklemd med foten, den andre hadde slege skuldra si. Men dei to unge mennene som sat framme i bilen mista livet den skjebnesvangre dagen i 1979.

Den hårfine grensa mellom liv og død har heimsøkt Bente Kari Vasslid i vaksenlivet.

Saka held fram under bildet.

Mista kontrollen

Ho slit enno med det som skjedde vinteren for 39 år sidan. Ho var 16 år gammal. Ungdomen var på veg heim frå fest i Rosendal. Ho og to venner sat på med to gutar då det plutseleg gjekk fullstendig gale. Det var kappkøyring med ein annan bil, seier ho alvorleg. Etter ei forbikøyring trefte bilen dei sat i ein lyktestolpe og gjekk rundt. Den hamna på taket ved Kvednavikjo i Uskedalen.

Føraren og den andre som sat i passasjersetet framme omkom – den eine døydde på staden, den andre døydde seinare av skadane medan han låg på sjukehus. Bente Kari og dei to vennene som sat bak, var heldige. Livet kan vera blodig urettferdig på den måten.

– Det var vel det vi kallar ungdommeleg overmot. Vi mista kontrollen. Det var tullkøyring og vi køyrde altfor fort, seier Vasslid i dag.

– Skjønte du der og då kva som hadde skjedd?

– Då eg kom ut av bilen og fekk snakka med andre på staden, forstod eg det. Eit par venner eg vaks opp med putta meg i ein bil, køyrde meg heim og forklarte til foreldra mine kva som var skjedd, minnest ho.

Redd for å sitja på

Ho fortel om ei konstant frykt for at noko skal skje når ho er ute og køyrer bil i dag. Anten det er rundt neste sving, eller ved ei forbikøyring.

– Kvar gong det skjer ei ulukke, er det noko eg kjenner på. Det gjekk eigentleg fint i mange år. Men etter ei dødsulukke i Kvinnherad for mange år sidan, kom det tilbake. Eg fekk ein reaksjon og ulukka tok meg tilbake til minna og frykta frå mi eiga oppleving, seier Bente Kari, og held fram:

– Eg tek aldri unødige sjansar og køyrer alltid på den sikre sida, slik at eg føler meg trygg. Eg er òg redd for å sitja på med andre. Det er ein angst eg har inni meg. Eg køyrer som regel alltid sjølv.

Saka held fram under bildet.

– Fekk du noko form for hjelp etter dødsulukka i 1979?

– Det var litt andre tider. Eg trur ikkje det var noko form for kriseteam den gongen. Vi snakka om det der og då, venner og familie, og gjekk vidare i livet, seier Bente Kari.

– Må terpa med ungdomen

Ho har i dag tre vaksne barn. På fritida er ho aktiv i Amcar Kvinnherad saman med ektemannen.

– Vi kosar oss og har det sosialt saman i klubben. Det er veldig ok. Ofte er vi ute og køyrer. Det skjer i kontrollerte former. Barna har vore med i miljøet sidan dei var små.

– Kor viktig var det som foreldre å snakka med barna om dette med køyretøy og fart i oppveksten deira?

– Viktig. Uansett kor mykje stygt ein ser på vegane av ungdom, så er det viktig å gå runde med runde med dei, og aldri slutta å snakka om det. Sertifikatet må dei berre mista dersom dei ikkje greier å oppføra seg. Ein må ha respekt for andre på vegen og for lova. Det er ikkje lensmannen sin feil dersom ein blir fråteken førarkortet. Det må ein sjølv ta ansvar for. Ein er nøydd å ta ansvar for eigne handlingar, og vi må i alle fall ikkje slutta å terpa og snakka med ungdomen om dette.

 

Kommentarer til denne saken