168 i 80-sone

(Illustrasjonsfoto frå arkivet)

(Illustrasjonsfoto frå arkivet)

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein ung mann frå Kvinnherad må i fengsel og vera utan førarkort i lang tid etter å ha køyrt i 168 kilometer i timen i 80-sone på Haukeli.

Det var 21. juni mannen tidleg i 20-åra vart stoppa ved Ulveå på Haukeli, etter at han køyrde forbi ein bil.

Retten har komme til at mannen må sona 29 dagar i fengsel og blir frådømt retten til å køyra bil i 27 månader.

Den dømte forklarte at det var gode sikt og køyreforhold då han køyrde forbi den andre bilen. I enkelte tilfella kan høg fart i samband med forbikøyring vurderast noko mildare enn elles. Men retten ser ikkje at ei forbikøyring i 168 kilometer i timen kan sjåast på som forsvarleg, og finn ikkje at dette kan vektleggjast som formidlande. Retten meiner lågare fart ville vore tilstrekkeleg til å køyra forbi.

Den dømte ungdommen må og ta ny førarprøve.

Denne saka er henta frå Kvinnheringen.

Artikkeltags