Ti fikk bruksforbud på Seljestad

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

ODDA [Hardanger Folkeblad]: Det blei lagt ned ti bruksforbod etter ein kontroll på Seljestad i regi av Statens vegvesen måndag.

Tre av dei på grunn av manglande lastesikring, to var for lange og ein transport var for brei. Den blei også meldt for forholdet, opplyser vegvesenet.

Ytterlegare to køyretøy blei avskilta på grunn av manglande EU-kontroll. Ein fekk pålegg om å køyra til nærmaste verkstad eller heim fordi 2-årskontrollen på fartsskrivaren var gått ut.

Artikkeltags