Gigantisk fiskesperre i Etneelva

Egil Lund frå eit firma som leverer fiskesperrer og leiar i Etne elveeigarlag, Vidar Børretzen, var på synfaring langs og i Etnelva tysdag.

Egil Lund frå eit firma som leverer fiskesperrer og leiar i Etne elveeigarlag, Vidar Børretzen, var på synfaring langs og i Etnelva tysdag. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

I dag var folk frå Trondheimsfirmaet Faktor A/S, som produserer fiskesperrer og anna spesialutstyr til biologisk forskning, i og ved Etneelva.

DEL

Full tilgang: H-avis+, eavis og Rix – 5 kr for 5 uker

ETNE: Dei undersøkte forholda for å byggja ei gigantisk fiskesperre med nett, stål og fangstkassar som skal halda oppdrettslaksen vekke frå elva.

- Fiskesperra må byggjast i kvart enkelt tilfelle, avpassa dei lokale tilhøva. Her, ved munningen av Etneelva på Fitja, ser det svært greit ut, med elvebotn nærast som eit flatt "stovegolv", seier Egil Lund i Faktor A/S.

Leiar i elveeigarlaget, Vidar Børretzen, seier at ei slik fiskesperre vil kosta to millionar og drifta vil krevja ein halv million i året. Fiskesperra må nemlig kontrollerast og fangstkassane tømast kvar dag.

- Fisken må sorterast. Villfisken slepp me vidare, enten han skal opp eller ut or elva. Medan oppdrettslaksen er det inga bøn for. Den tek me på land og slår i hel.

Eit utval leia av Fiskeridirektoratet skal ha møte 19. november og behandla strakstiltak for å berga villaksstamma i Etneelva og andre elvar i det såkalla Hardangerfjordbassenget.

Artikkeltags