ETNE: Totalt er det snakk om investeringar rundt 15 millionar kroner.
Bygget, som får eit innvendig areal på omlag 200 m2, får rasteplass på heile taket. Nybygget skal stikka seks–sju meter utfor kanten av nedre del av Langfossen – like nedanfor brua.
– Med universell utforming og veldig enkel tilgang for alle, skal folk komme seg på taket og dermed høgare og nærare Langfossen, fortel arkitekt Pål Reksten i Opus Arkitekter.
Her får dei ein fantastisk utsikt.
– Målet er at nybygget skal stå ferdig i 2017. Samstundes arbeider Vegvesenet med å dobla parkeringsarealet der bilane står i dag. I tillegg tilbyr me eit areal på oppsida av vegen som Vegvesenet også kan få byggja ut til parkering. Med undergang går det greit med parkering på begge sider av E 134, seier Nina Kaltwasser.
Reiselivsmann leiar
Den kjende reiselivsmannen Terje Devold, tidlegare turistsjef i Ålesund og direktør i reiselivsselskapet Fjordnorge, er prosjektleiar for nye Langfossprosjektet.
– Vegvesenet har sett av sju millionar kroner til ny rasteplass med toalett ved Langfossen. Med eit samarbeid kan Eljarvikgarden og Vegvesenet få til svært mykje ved fossen.
– Kva er det viktigaste med det nye anlegget?
– Utgangspunktet er jo at at nyanlegget skal betjena den vegfarande med servering, informasjon og eit fint toalettanlegg. Bygget må ha høge arkitektoniske kvalitetar slik at folk får ein godfølelse av å gå inn i det. Det skal gje utsyn og meirsmak på alle vis.
Med den store gjennomgangstrafikken og E 134 som hovedvegen aust–vest på Sørvestlandet, ser Devold ei stor framtid for ein attraksjon som Langfossen.
Heng utover fossen
På utkasta frå Opus Arkitekter er nybygget teikna slik at forkanten av bygget heng 6–7 meter ut på kanten inn mot nedre delen av Langfossen, like nedom brua på E 134.
Nina Kaltwasser fortel at bygget også vil få ein stor underetasje. Her er det ikkje klart kva innhaldet blir, men ho seier det blir knytta til «opplevingsturisme».
I hovedetasjen blir det toalett, servicerom, arealer for matsal/serving og turistinformasjon. Det er vegvesenet som har ansvar for parkering og toaletttilbod. Men det er Eljarvik Gard som vil reisa sjølve bygget og drifta det.
Forprosjektet skal vera ferdig i september. Byggestart blir i 2016 og i 2017 skal anlegget etter planen stå ferdig.
20.000 stoppar
Nina Kaltwasser fortel om godt samarbeid mellom Eljarvikgar den og Vegvesenet og at dei har sett av grunn til parkering også på oppsida av vegen dersom parkeringsareala skal utvidast ytterlegare. På noverande parkeringsplass planlegg Vegvesenet ei dobling av kapasiteten.
Teljingar viser at omlag 20.000 stoppar ved Langfoss ein vanleg sesong frå vår til utpå hausten.
Ved nybygg og utviding av parkeringsanlegget trur Nina Kaltwasser på minst ei dobling av besøkande.
Årsdøgnteljingar frå vegvesenet viser over 2.000 bilar som passerer Langfossen kvart døgn i sommarhalvåret.