ETNE: Kommunen, som i desse dagar legg skulen ut for sal på den private marknaden, har rekna skadene til nesten hundre tusen kroner.
Ein verge til ein tilreisande gut som skal ha vore med på ruteknusinga skriv til Etne kommune at dei er villege til å erstatta skade etter skadeerstatningsloven som pålegg foreldre å betala skade inntil 5000 kroner.

I brevet gjer verja det vidare klart at "slik jeg ser det, vil det derfor ikke kunne bli aktuelt å legge noe personlig ansvar eller økonomisk ansvar utover dette. Her viser verja til det han kallar "omstendighetene rundt selve bygget" - det faktum at skulen er nedlagt og at det har vore påbegynt herverk med ruteknusing tidlegare.


Verja forklarer at dei sjøl ikkje var med på turen til Fjæra, at barnet dei har ansvar for aldri har knust noko før og at barnet har forklart at han hadde forstått det slik at "ingen ville ha skolen" og at "den alt var ødelagt."


Etne kommunestyre vedtok like før sommaferien at Fjæra skule skal seljast på den opne marknaden.