FØR: Midt i bildet ser du den ulendte tomta før anleggstart. (Privat foto).

Då denne sjøtomta dukka opp for sal, slo Bodil og Helge til og bygde draumehytta

– Å sitja i godstolen ved vindauga i stova gir verkeleg ro i sjela.
Av
Publisert

[KVINNHERINGEN]:

Orda kjem frå Bodil Bakke Smaamo, og vi trur henne. For flottare «maleri» enn det ein ser i vindauga her er sjeldan å sjå. Vi er i Dimmelsvik. Nedanfor vegen, ikkje langt frå Kvinnherad Energi. På ei lita tomt i ein ulendt skråning, tilvaksen av krattskog, har det det siste året reist seg eit blikkfang av eit moderne hus. Her bur Bodil Bakke Smaamo og Helge Smaamo på fritida. Begge er kvinnheringar, ho frå Dimmelsvik, han frå Rosendal. Den faste adressa er i Bergen, der dei tre vaksne sønene deira har vakse opp.

– Vi har begge familie i Kvinnherad, og vi er alle fem knytte til plassen. Behovet for å få vår eigen plass vaks seg derfor større med åra, og no er vi endeleg i hus, seier Bodil og Helge med store smil.

Paret brukte mange år på å finna den rette plassen. Men lite og ingenting var akkurat slik dei ønskte seg. Heilt til denne sjøtomta dukka opp for sal, ikkje langt frå Bodil sin barndomsheim. Den var endåtil eigd av ein slektning.

– Vi såg straks potensiale, sjølv om tomta i utgangspunktet såg trøysteslaus ut, fortel dei.

Store endringar

Kort fortalt har terrenget endra karakter fullstendig. Mykje måtte ordnast på før vegen ned til huset var klar, mellom anna er det laga fleire høge murar for å terrassera terrenget. Og endå meir måtte gjerast for å planera ei flate stor nok til huset. Mot sjøen vart det ikkje mykje land igjen etter dette, men det har paret ordna med å laga ei god fylling med bryggje for enden.

– På fyllinga skal vi laga hage, men så langt er vi ikkje komne enno, fortel Bodil.

Likevel ser vi at dette kjem til å bli veldig bra. På fine dagar ligg alt til rette for å starta dagen med eit kortreist sjøbad. Paret har båt som snart skal på plass ved bryggja. Det betyr for eksempel at middagen kan hentast frå naturen sitt eige kjøleskap – når som helst. Om ein vil det, då.

Sjøvendt

Både huset og uteområdet er orientert mot sjøen. Trafikken på riksvegen like ovanfor huset merkast ikkje i det heile. Så snart ein har lukka inngangsdøra bak seg, er trafikken ute av både syne og sinn. Vel inne openberrar det seg lyse fine rom og ei utsikt som kan ta pusten frå kven det skulle vera. Gjennom store glasflater tar ein inn heile fjorden og halve Sunnhordland – med Hovlandsnuten på Tysnes midt i bildet. Inne i huset er fargane lyse og nøytrale for å skapa minst mogleg friksjon til det storslåtte utsynet mot vest. Frå stova går ein rett ut på ein stor terrasse med rekkverk i glas.

– Rekkverket er utan vertikale stolpar fordi vi ikkje ville ha brot i sikten, fortel Bodil.

I eine enden av terrassen er det laga til ei overbygd utestove med vindauge og plass for grill og møblar.

– Haakonstova heiter denne. Det var nemleg sonen vår Haakon som såg at vi måtte ha ei slik utestove, seier Bodil fornøgd.

God plass  

Paret vil gjerne gi ros til Halsnøy Trelast for å ha gjort ein svært god jobb med huset, og også til arkitekt Andreas Koløy.

På hovudplanet er det entré, stove/kjøken, bad, vaskerom og soverom. I underetasjen er det nye tre soverom.

– To med full havutsikt, det andre med delvis havutsikt, som det står i reisebrosjyrane, skjemtar Bodil.

Etasjen har òg bad og ei romsleg kjellarstove med sovesofa og utsikt.

– Vi har tre born, og vi må jo ha plass til alle samtidig, forklarer paret.

Å kalla praktbygget for hytte på landet blir heilt feil. Dette er eit fullverdig hus til å vera stolt av. Det meste verkar svært gjennomtenkt, og dei dusane fargane kler kvarandre frå rom til rom. Alle møblane er nye og moderne, men valde ut og kombinerte på ein slik måte at ein slett ikkje får kjensla av å koma inn i ein «møbelkatalog». Ein god porsjon teft skal til for å klara det, og den teften er det tydeleg at Bodil og Helge har.

Nyt livet

Bodil og Helge bur til vanleg bra i eit villastrøk på Sandsli. Med det nye huset har dei fått ein heim nummer to.

– Vi er fornøgde med huset og har bestemt oss for å reisa hit så ofte vi kan. Men fordi vi bur eit stykke unna, har vi tenkt gjennom at eigedomen skal vera så lettstelt som mogleg, fortel dei.

Vi får vita at huset er kledd med spesialbehandla trebord som nesten er vedlikehaldsfrie. Tilsvarande materiale er brukt på terrassegolvet.

– Vi er livsnytarar som elskar god mat, ditto vin og plass for den gode samtalen. Vidare set vi pris på fred og ro innimellom, og vi treng ein stad for rekreasjon. Alt dette får vi her. Det heile krona med ei flott utsikt som verkeleg gir ro i sjela!

Denne saken er henta frå Kvinnheringen.

Artikkeltags