Viddefiskarane:  Fv.  Kjetil Ullaland, Bjørn Hundershagen, Anders Muldsvor, Henning Malones.  Dei kjem frå ulike delar av landet, men alle bur i Naustdal i Sunnfjord.  Kvart år i 16 år har        dei ivrigaste fiska på vidda. Turen gir glede heile året.

«Dei første åra kalla vi oss Team Hardangervidda Vest, men slikt anglofilt jåleri lyder dårleg for jordnære vestlendingar»

Av
Publisert

Reportasje [Hardanger Folkeblad]:Det var ein gong. Ja, slik byrjar også dette eventyret. At to molefonkne karar sat ved eit vatn i ein dal i grensefjella mellom Sunnfjord og Nordfjord. Dalen heiter Blådalen, slik nesten alle dalar heiter på dei kantar, og Blådalsvatnet skulle vere blant dei beste fiskevatna der om kring. Men eit godt rykte hjelper ikkje alltid, og fjellauren ville slett ikkje bite. Det var ikkje første gongen draumen om storauren brast.

- Vi reiser på Hardangervidda. Der er stor fisk, foreslo den eine.

Då steig humøret, og slik var det at romsdalingen Henning og sunnfjordingen Kjetil reiste frå Naustdal i Sunnfjord til Hardangervidda for å fange dei store og smellfeite fjellaurane.

Det er fint å komme tilbake. Sjølv om det kan vere eit slit dei første dagane,

Henta kokk frå Troll A

Dei to første åra gjekk dei frå Valldalen i Røldal til Litlos turisthytte. Hyttevert Jarle Viskjer utstyrte dei med varm drikke i termosen og gode tips. Og fisken beit.

- De skulle sett kor fint det er i Grøndalen, sa dei til oss fåmingane som framleis gjekk og trakka i heimefjella. Og under Hårteigen er enda fleire vatn der digre aurar kan finne på å bite på ein sluk eller spinnar med raudt og kopar, lokka dei.

Og så fekk fleire av oss vere med. Det første året budde vi i telt. Genistreken skjedde då gründerane inviterte med seg ein kokk og heile gjengen flytta inn i lavvo. Bjørn frå Sogn er kjøkkensjef på Troll A-plattforma og verdas snillaste fyr. For oss viddefiskarane er han både kokk og miljøarbeidar.

Forfattaren: Så glad vert ein sunnmøring når han endeleg får løn for mange timars fiske. Artikkelforfattaren med ein aure på knapt 900 gram.

Forfattaren: Så glad vert ein sunnmøring når han endeleg får løn for mange timars fiske. Artikkelforfattaren med ein aure på knapt 900 gram.

Pokal for største fisk

Ei veke på vidda kvart år, i 16 år for dei som har vore med frå starten. Dei første åra kalla vi oss Team Hardangervidda Vest, men slikt anglofilt jåleri lyder dårleg for jordnære vestlendingar. Hardangervidda Vest Fiskarlag er namnet no, og samhaldet og forventningane gir glede gjennom heile året.

Årsmøtet på etterjulsvinteren er viktig, med utdeling av pokal for største fisk og eit turreferat så fullt av detaljar og dårleg humor at det får eit godt, gammaldags pensjonisttur-referat til å bleikne. Då vert også datoane for neste tur spikra, styrt av turnusen til kjøkkensjefen (sogningen) i Statoil. Årsmøtet vert avslutta med pokerslag, der vi innflyttarane håper at grunneigaren og nestleiaren (sunnfjordingen) skal legge lakseretten sin inn i potten. Fåfengd, så langt.

I alle desse vatna

Eitt år kom leiaren (romsdalingen) med eit kart av vestvidda der han hadde fargelagt svært mange av vatna. Store og små.

- Tenk, i alle desse vatna har vi fiska, sa han som held orden på medlemmer, utstyr, kart og kompasskurs.

Vi har også med ein ingeniør i NVE (nordfjordingen), som gjev råd om vassføring og elvekryssingar. Femtemann er underteikna (sunnmøringen), journalist og vikarierande medisinmann. Alle saman bur i Naustdal, ein kommune mellom Førde og Florø.

Veivatnet, Trisnyttevatnet, Nedre Omkjelen, Øvre Omkjelen, Bersavikvatnet, Sandvatnet, Meinsvatnet (to av dei), Grytevatnet, Skåltjørnane, Dimmedalsvatnet, Bismarvatnet, Herrevatnet, Reinavatnet, Simletjørni, Olsenhylen, Holbergtjørnane og mange, mange fleire.

Vi sit framfor datamaskinen på mørke vinterkveldar og prøver å få digitale napp på nye fiskeplassar, men vi kjem likevel tilbake til vatn vi har vore før.

Vi går frå Valldalen, frå Hjølmoberget i Øvre Eidfjord eller frå Tinnhølen lenger aust på vidda. Denne sommaren starta marsjen på Hjølmoberget, via Vivelid turisthytte og vestover gjennom stølsgrendene Finnabu, Fagradal og Peisabotn til ein kjær leirplass ved Veivatnet.

Kokken: Berre tre fiskar over kiloen i år. Og kokken, sogningen Bjørn Hundershagen, fekk alle tre.

Kokken: Berre tre fiskar over kiloen i år. Og kokken, sogningen Bjørn Hundershagen, fekk alle tre.

Stølsbesøk på Kinsekvelv

På stølane møter vi stundom hardingar og slår av ein prat. Vi snakkar om sauer, vêr og fiske. Hardingane beisar og skiftar vindauge på stølshusa, og dei ser etter dyra. Dei fortel at dei har gått ein bratt veg opp frå fjorden og langt inn på fjellet. Respekt, også frå oss som er vane med bratte stølsvegar. På Kinsekvelv vart vi møtt av to hestar og to ivrige hundar. Sambuarane Tale Hauso og Jan Sandven frå Børve dukka opp i døropningen, og dei inviterte på kjeks, appelsinar og kaffi, og vi fekk lære kva som må til for å dyrke store og saftige plommer. Interessant og svært hyggeleg. Fisketips var det dårlegare med, kanskje ikkje så rart sidan NRK-journalist Hauso avslørte at ho vert lei etter ti kast.

Vi fiska godt i Veivatnet. Fin og feit aure, dei fleste frå 0,5 til éin kilo. Knallraude i kjøtet, men berre tre så vidt over kiloen, der den eine vart teken i eit mindre vatn lenger nord. Kokken serverte steikt aure, kokt aure og speka aure, med ein saus av creme fraiche, kantarell og sjarlottlauk. Vi fekk også bevis for at auren er litt av eit råskinn. To av fiskane, den eine langt under kiloen, hadde mus i magen. Det var ikkje like appetittleg.

Ruta heim la vi om Bersavikvatnet. Tre mann fiska vatnet rundt, men resultatet stod ikkje i stil til innsatsen. Vidare gjekk vi forbi stølane på Fogerli og møtte fleire hardingar som gjorde seg klare til reinsjakta. Helikoptera frå Airlift roterte i skytteltrafikk frå basen i Kinsarvik og inn på vidda. Vi møtte folk som kom frå Tinnhølen og meinte at testosteronnivået der var nærare 200 prosent dagen før jakta starta.

Nydeleg kvalitet: Det er god kvalitet på fisken i den fleste vatn. Her fileterer Bjørn ved innløpet til Veivatnet.

Nydeleg kvalitet: Det er god kvalitet på fisken i den fleste vatn. Her fileterer Bjørn ved innløpet til Veivatnet.

Hjortekarbonader under Hårteigen

På 16 år har vi blitt glade i vidda og vatna. Vi kjem tilbake til kjende plassar og legg oss i graset når vêret smiler, eller vi søkjer ly under ein bergknaus når lågtrykka frå vest står i kø og tek rennfart innover vidda. Det har vore mest av det siste. Vi ber tunge sekkar og håper at ein av dei andre har ork til å ta lavvoen i dag. Men slitet vert fort gløymt når vi sit ved eit vatn under Hårteigen og et hjortekarbonander og drikk nordlandspils, langt utanfor mobildekning.

- Det er fint å komme tilbake. Sjølv om det kan vere eit slit dei første dagane, er det ei glede i å meistre det. Samhaldet og kameratskapen er viktig. Og fiskinga. Ein ny sluk som vi håper skal gjere susen. Spenninga og konkurransen om kven som får den største fisken, seier Henning, leiar og innpiskar sidan starten, romsdalingen som er lei av å få småfisk i Sunnfjord.

Kokk: Matlaging i solskinn.

Kokk: Matlaging i solskinn.

Den suverene storfiskaren

Når det no vert mørkare kveldar, set han og kanskje nokre av dei andre viddefiskarane seg framfor datamaskinen for å finne ut om det finst eit vatn der sør som vi absolutt bør sjekke neste år. Leiaren ser på gamle bilde og byrjar så smått å setje saman ei sakliste som kan bli uendeleg lang før årsmøtet i mars. NVE-ingeniøren skal skrive turreferatet, som byr på heilt andre utfordringar enn å hente inn anbod på førebygging i Opo, men han har ei lita bok full med notatar frå turen, så det kjem til å gå heilt fint. 

Men mest kosar nok sogningen seg. Ikkje berre er han verdas beste og snillaste turkokk, men dei siste åra har han også vore den suverene storfiskaren. Det er litt irriterande, men neste år skal vi setje han på plass.

Denne saken er hentet fra Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags