Ferje-farvel med kaffi og kaker

VETERANAR: Spesielt innbedne til festseilasen var Peder Toft, Trygve Sørenes og Ingvald Stautland, som tilsaman har nær 80 år bak seg i Siggjarvåg-Sagvågsambandet.

VETERANAR: Spesielt innbedne til festseilasen var Peder Toft, Trygve Sørenes og Ingvald Stautland, som tilsaman har nær 80 år bak seg i Siggjarvåg-Sagvågsambandet.

Av
Artikkelen er over 17 år gammel

Nokre kalla det festseilas – andre meinte det var gravøl då folket i Siggjarvåg inviterte til kaffi og kaker i ferjesalongen i «Odda» tysdag føremiddag.

DEL

Om mindre enn ei veke er det slutt på ei snart 40-årig HSD-ferjehistorie mellom Siggjarvåg og Sagvåg.
Folket i Siggjarvåg tykkjer dette er vemodig og ynskte å takke det trufaste ferjemannskapet for innsatsen og seie eit skikkeleg farvel.
I samla tropp inntok dei ferja, med Siggjarvåg vel-formann Bente Stokka i spissen. Med seg hadde dei kaker, brus og kaffi, og i ein fart stelte dei til fest i øverste salong for å gjere stas på mannskapet.
For folk som har reist i dette sambandet nokre år var det ein del «gamle og gode» fjes å sjå. Tidlegare skipper Trygve Sørenes, med 14 år bak seg, maskinist Ingvald Stautland, som har 21 år i sambandet, og Peder Toft, som gjekk i land i januar i år. Då hadde han vore i ruta sidan 1. november 1962, altså sidan fyrste dag.
Desse tre æresgjestene fortel at ferja har vore ein fin arbeidsplass med gode tilhøve mellom mannskapet.
-- Vi har mange gode minner frå ferja, seier dei tre og forsyner seg med kaffi og nydeleg marsipankake.
Folket i Siggjarvåg er spente på kva som no vil skje med ferjeleiet, som vert lagt ned etter at Trekantsambandet opnar komande måndag. Bømlo kommune eig området, og folket håper det vil bli nytta til noko positivt.
-- Vi ynskjer ikkje kaiar fulle med rot og skrot. Heller ein triveleg marina og kanskje ein tennisbane, seier Bente Stokka, som las nyskrive dikt for ferjemannskapet:
«Mannskapet har gått i all slags vær.
Bølgja har skjeldan hindra, om ho var aldri så svær.
Ein tur opp på Moder Jord har hendt,
men ingen har av det blitt skremd.»
kristine.sele@haugesunds-avis.no

Artikkeltags