Gå til sidens hovedinnhold

Fjord1 gjekk 240 millionar i overskot på seks månadar

Artikkelen er over 4 år gammel

Fjord1 har auka inntektene og minska gjelda.

NÆRINGSLIV [FIRDA]: Halvårsresultatet for ferjekonsernet er klart. Sidan nyttår har Fjord1 ASA fått inn 1,37 milliardar kroner i inntekter, som er over 200 millionar betre enn same halvår i fjor.

Til overs står det igjen 240 millionar kroner i halvårsresultat. Dette er 100 millionar kroner betre enn første halvår 2016.

Første halvår gjeld frå 1. januar til 30. juni.

– Stabil drift og nye kontraktar

Sidan sommaren i fjor har konsernet også redusert renteberande gjeld med 100 millionar, frå 1,9 mrd. til 1,8 mrd., står det i delårsrekneskapen.

– Betre drift, meir struktur og stabilitet i drifta, ein del kjøp og nye kontraktar. Summen av desse tinga gjer at vi aukar, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland til Firda.

Han seier selskapet tenker langsiktig, og er optimistisk for resten av året.

– Men det føreset god og stabil drift, og ikkje minst kvalitet i drifta. Vi er alltid optimisme og ser lyst på det. Dei tilsette gjer ein strålande jobb, seier han.

Innhaldsrikt halvår

Elles kan året hittil summerast opp slik for Fjord1:

I mai selde fylkeskommunen Sogn og Fjordane sine resterande aksjar i Fjord1 AS til Havilafjord AS, som gjorde Havilafjord til eineaksjonær i selskapet. Havilafjord selde deretter 49,5 prosent av aksjane privat.

I juni bestilte Fjord1 fem nye ferjer frå Leirvik-bedrifta Havyard Ship Technology. Ferjene skal leverast i 2018 og 2019, og kontraktsummen er venta å ha ein verdi på éin milliard.

7. juli 2017 vedtok ei ekstraordinær generalforsamling at Fjord1 AS blei omdanna til eit allmennaksjeselskap (ASA). I begynninga av august endra selskapsnamnet seg deretter, og i midten av august blei Fjord1 ASA notert på Oslo Børs.

Eit allmennaksjeselskap er berekna for eit selskap med mange aksjeeigarar, kan børsnoterast og har større krav til aksjekapital (1 mill. kroner) enn eit vanleg aksjeselskap (30 000 kroner).

Denne saka er henta frå Firda.

Kommentarer til denne saken