NVE hadde folkemøte

Storflaum: arkivfoto frå 2014.

Storflaum: arkivfoto frå 2014.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Orienterte om SKL sine planar for flaumtunnel.

DEL

[Hardanger Folkeblad]

ODDA: Onsdag hadde NVE (Noregs vassdrag- og energidirektorat) folkemøte i Odda om planane for kombinert kraftverk og flaumsikring i Opo-vassdraget.

– Dette var primært eit møte om prosjektet som SKL (Sunnhordland Kraftlag) jobbar med, seier Magne Geir Verlo, senioringeniør i NVE.

SKL jobbar fram mot ein konsesjonssøknad for kombinert flaumsikring og kraftverk som truleg kjem mot slutten av året.

Noko av det som vart tatt opp på møtet var moglegheitsstudia for flaumdempande tiltak som Odda kommune og NVE saman har fått framstilt. Den viser fleire moglege tiltak for flaumdemping.

– Saman har me avtalt eit møte, truleg i løpet av ein månads tid, der me skal diskutera kva tiltak me skal gå vidare med og kva som er teknisk og økonomisk mogleg, seier Verlo.

Han fortel at kommunestyresalen var meir enn full under møtet.

– Hovudinntrykket er at folk i Odda er opptatt av å sikra seg mot framtidige flaumar. Det var litt todelt stemning med tanke på flaumtunnel, men dette blir det ein ny runde på når konsesjonssøknaden til SKL kjem. Det blir nytt folkemøte då, og då trur eg meiningane kjem til å komma endå tydelegare fram.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken