KVINNHERAD [KVINNHERINGEN]: Nede på Opsanger i nedre enden av Opsangervatnet kom ei stor havørn flygande i låg høgde, før den flaug rett inn i kraftlinja som kryssar vatnet. Kollisjonen var så kraftig at ørna døde i smellen og fall livlaus ned i vatnet.

Den flotte fuglen vart teken på land og fleire skodelystne kom til. Naboar i område kunne fortelja at dette på langt nær er første gong slikt skjer, berre sidan i sommar har fire svaner måtta bøta med livet etter kollisjon med den same linja.

– Tragisk! seier naboane, som lurer på om det ikkje hadde vore mogleg å leggja linja i kabel i staden for å sperra innflyginga til Opsangervatnet, som er svært rikt på ulike fugleartar.

 

Den store fuglen var ringmerka på begge beina. Sigve Solheim som i fleire år har fotografert og følgd fleire havørnpar ulike stader i kommunen kontakta nokon han kjende som kunne fortelja at ut frå ringmerkinga (NO 61 og 118282 ) var dette ein 3-4 år gammal hofugl som vart ringmerka 3/6- 2014 i Hyllsfjord i Ryfylke.

Når det gjeld havørn vert hofuglen større enn hannfuglen, med eit vingespenn på bortimot to meter. Den gule nebbet og dei gule sylskarpe klørne viser at dette er ein vaksen fugl.

Den flotte ørna vart tørka og tatt godt vare på, ho kjem til å bli levert til preparant som søkjer om godkjenning til å få henne stoppa ut. Det er strenge krav når det gjeld slike freda fuglar.