Vestland fekk 640 fylkesvåpenforslag. No treng dei vanlege folk til juryen

FORSLAG: Her er nokre av forslaga til nytt fylkeskommunevåpen

FORSLAG: Her er nokre av forslaga til nytt fylkeskommunevåpen

Artikkelen er over 1 år gammel

18.august skal folkejuryen samlast for å finne finalistane til vårt nye fylkesvåpen.

DEL

VESTLAND [FIRDA]: Ein tunnel? Ein paraply? Ein fjord? Kanskje vert ein av desse vårt nye fylkesvåpen når Vestland fylkeskommune skal få sitt nye symbol.

Innspelsfasen er no over, og totalt kom det inn 640 forslag.

324 personar sende inn forslag, og 67 av desse kom frå Sogn og Fjordane. Den mest populære tematikken i forslaga var natur. Heile 340 forslag hadde dette som hovudmotiv. 162 forslag gjekk på kultur og historie, medan 63 forslag spelte på tema frå samtida. Dei attverande 75 forslaga hadde kombinasjonar av tema.

Dei ti personane i folkejuryen får tilsendt alle forslaga på førehand, før alle finalistane går til ei nettrøysting i slutten av august. Vinnarforslaget vert premiert med 25.000 kroner.

Stammar frå før svartedauden

Eitt av forslaga skal altså erstatte dei velkjende stiliserte fjordane til vårt eige fylke, og dei korslagde øksene med krune over som Hordaland har hatt som fylkesvåpen.

Ifølge boka Norske kommunevåpen (Kommuneforlaget 1987) stammar Hordaland sitt førre kommunevåpen frå eit motiv som vart funne på eit segl frå 1344. Sogn og Fjordane sitt våpen på si side vart teikna av Lidvin Osland og Berit Tveit, og godkjent i 1983. Dei tre spissane symboliserer tre fjordar, men sjølv om vi har meir enn tre fjordar i fylket var det dei tre regionane våre som var påtenkt.

Kort søknadsfrist

For å kunne vere med i folkejuryen som skal bestemme det nye våpenet må du ha adresse i Sogn og Fjordane eller Hordaland og kunne vere til stades i Bergen 18. august. Fristen for å søke seg inn i folkejuryen er 9. juli. Det er Sogn og Fjordane fylkeskommune som tek seg av søknadane.

DENNE SAKEN ER HENTA FRÅ FIRDA.

Artikkeltags