KVINNHERAD: Ikkje alle greier å venta til nyttårsaftan med å senda fyrverkeriet til himmels. Politiet har dei siste dagane fått meldingar frå ulike hald om kvinnheringar som har teke nyttårsfeiringa på forskot.

– I går torsdag fekk vi meldingar om fyrverkerioppskyting i Husnes sentrum og på Halsnøy. Dette med for tidleg fyrverkeribruk er jo eit årleg problem, men vi må igjen minna om at det berre er nyttårsaftan det er lov å skyta opp fyrverkeri utan førehandssøkt løyve, og det skal skje under kontrollerte formar, seier Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor.

Dersom ein blir teken for fyrverkeriskyting utanom lovleg tid, risikerer ein bot.

– Og ikkje minst så står ein jo ansvarleg dersom det skulle skje skadar som følgje av oppskytinga, med dei konsekvensane det fører med seg, seier han.

SAKEN ER HENTA FRÅ KVINNHERINGEN