Sidan Håkon (78) og Anna Ingeborg (76) kjøpte fjellgarden i 1993, har den gått gjennom ein solid redningsoperasjon

Publisert

[KVINNHERINGEN]:

Dei første i Bjørnebøle-slekta slo seg ned på fjellgarden ved Bjørnebølsvatnet i 1788. Dei levde av å leiga ut beite, som dei hadde i rikt monn, dei hadde kyr, sauer og geiter, samt at dei dyrka det som lét seg dyrka i det bratte fjellterrenget nær Fjellhaugen. Håkon Bjørnebøle er 6. generasjon etterkomar etter desse første som busette seg der. Først i 1910 då far til Håkon, Kristoffer Bjørnebøle, var 19 år, flytta familien ned til Omvikdalen.

– Dette var først og fremst av praktiske omsyn. Det var jo ikkje veg opp til Bjørnebøle den gongen, så det var tungvint å koma seg ned til bygdene, fortel Håkon.

Vi sit på det koselege kjøkenet på Bjørnebøle medan han og kona Anna Ingeborg fortel.

Utanfor er det rundt halvannan meter med snø, og snøkrystallane glitrar som diamantar i den strålande februarsola som skin frå ein skyfri himmel. Dei tre brunbeisa, flotte, gamle gardsbygningane tar seg praktfullt ut i det vakre vinterlandskapet, og det heile liknar eit motiv som kunne vore måla av nasjonalromantiske kunstnarar.

I hovudhuset er det varmt og godt, og Anna Ingeborg diskar opp med mjølkekaker og nyrørt bringebærsyltetøy, servert med nytrakta kaffi.

– I fjor installerte vi nytt kjøken her. Det er difor litt meir moderne enn resten av interiøret, men vi tenkte som så at det er viktig at ein har ein viss komfort her, ikkje minst med tanke på dei som kjem etter oss, forklarer paret.

Kjøpte i 1993

Garden låg i utgangspunktet lengre nede på flata. Då SKL skulle demma opp dei to vatna ved Bjørnebøle i samband med kraftutbygging i 1956, valde far til Håkon å ta på seg jobben med å flytta gardshusa eit stykke høgare opp i fjellsida, slik at dei ikkje skulle hamna under vatn. Kommunen, som hadde tatt over eigarskapen av garden, tok kostnaden. Men sidan blei lite gjort.

– Kristoffer bygde ei lita hytte på ei tomt han fekk i samband med flyttinga av husa, og denne pleidde vi å feriera i før. Men vi var stadig bortom og såg til dei gamle gardshusa her på Bjørnebøle. Omvikdalen ungdomslag hadde gjort ein god jobb med å sikra dei, men noko større vedlikehald blei ikkje gjort etter det, og vi frykta at bygningane var i ferd med å gå tapt for alltid, fortel Anna Ingeborg.

Ekteparet bestemte seg for å søkja om å få kjøpa Bjørnebøle. Det fekk dei, og fjellgarden vart deira i 1993. Men det var ingen veg fram til garden den gongen, så dei fekk ikkje skifta ut eller møblert meir enn det dei klarte å frakta over vatnet, eller frå kraftstasjonen til SKL, og inn til garden.

– Men vi såg tidleg potensialet. Det første vi gjorde, var å vaska ned stova i hovudhuset, og få ut alle musebola, skit og bos. Då stova var nedvaska, blei det noko heilt anna. Det var nesten ikkje møblert, men rommet var koseleg og innbydande, minnest Anna Ingeborg.

Bygde veg

Etterkvart vart husa isolerte og bordkledningen skifta ut. Dei støypte under golvet og skifta ut det gamle og holete eternit-taket med eit flott torvtak med torv dei hadde samla på garden.

Dei har sett inn nye vindauge og bytt ut rotne plankar. Nyleg skifta dei òg ut golvet på kjøkenet, og senka det samstundes litt for å sleppa at dei høgaste i familien skal dunka seg i taket når dei står oppreist.

Komande påske skal Håkon begynna å skifta ut golvet i gangen òg.

– Golvet skulle vi jo ideelt sett tatt langt tidlegare i prosessen, men det var ikkje så enkelt å få gjort noko med det før vi endeleg fekk laga oss veg inn hit. Det fekk vi ikkje lov til før i 2008. No kan vi køyra heilt inn til husa når føret tilseier det. Men det var ikkje opplagt at vi skulle få lov til å bygga veg inn her, så det var ei stund der eg nesten mista motet, vedgår Håkon.

Bua var det bygget som var i best stand, og inni det flotte bygget har paret laga til ein festsal, eit kammers og eit soverom, samt ein utstillingsdel for gamle gjenstandar og eit lite minikjøken. Her er det god plass til gjester og feiringar, så her har det overnatta mange familiemedlemer. Der bua og hovudhuset er originalbygg, er fjøsen bygd opp att, men av gamle materialar. Inni fjøsen har dei lagringsrom/verkstad, samt ein elegant utedo. Både bustadhus og bu er møblerte med gamle, flotte møblar. Somme har paret hatt sjølve, ein del har dei òg fått i gåver.

– Har de gjort alt sjølve?

– Det aller meste har vi gjort sjølve, ja, men med god hjelp av ungane då. Håkon er på sitt friskaste når han har prosjekt å halda på med, smiler Anne Ingeborg.

Historia motiverer

Paret har òg kosta alle prosjekta sjølve.

– Det kunne sikkert vore midlar å søkja om til ulike prosjekt, men vi har berre aldri søkt om nokre av desse. Noko av grunnen er nok at vi har ønskt å stå så fritt som mogleg, sånn at ikkje dette berre blir eit museum. Dette er familiehytta vår. Men vi er veldig glade for besøk her, og gir meir enn gjerne ei omvising, smiler paret, som har hatt mange innom på besøk sidan dei tok over.

– Kva har motivert dykk til alle desse arbeidstimane og økonomiske utlegga?

– Først og fremst er det jo historia til garden, som er familiehistoria til Håkon. Vi hadde nok ikkje gått i gang med noko sånt som dette kor som helst. Men staden betyr mykje for oss, så det har vore verdt kvar ein arbeidstime å jobba for å bevara historia her, meiner Anna Ingeborg.

Også barn og barnebarn set stor pris på staden, og brukar den mykje.

– Barnebarna har vore med her sidan dei var heilt små. Jobba vi, så deltok dei på sitt vis. Dei storkosar seg her, trass i at det ikkje er så mange moderne fasilitetar.

Bustadhuset er ikkje større enn at det rommar ei stove, eit kjøken, sovekammerset til Anna Ingeborg og Håkon, samt eit lite grovloft. Likevel har det budd nokså store familiar her opp gjennom tidene.

– Oldefar til Håkon hadde tolv barn i to kull. Alle budde ikkje heime samstundes, men joda, det var mange barn her på det meste, fortel Anna Ingeborg.

Den gongen kom skulelæraren for å halda heimeundervising med ungane nokre veker i året. Skuleringa gjekk då føre seg rundt eit trebord som framleis står i stova. Det hadde falle frå kvarandre, men paret har sett det i saman igjen. Garden har òg vore base for mange sauesankingar opp gjennom tidene. På det meste har 70 menneske overnatta på garden i samband med sauesanking.  

– Vi likar å tenkja på alle menneska som har levd liva sine her gjennom hundrevis av år. Det er noko med å halda historia levande både for notida og for dei som kjem etter, sluttar dei.

SAKEN ER HENTA FRÅ KVINNHERINGEN

Artikkeltags