Dømt til fengsel etter Sandvikjo-ulukka

Sjåføren av bilen som trefte Atle Eide slik at han omkom, er av lagmannsretten dømt til 120 dagar i fengsel og til å betala til saman 625.000 kroner til dei etterlatne.

DEL

Den tragiske ulukka skjedde i Sandvikjo på Halsnøy i 2015. Sjåføren blei først frifunnen for bildrap i Sunnhordland tingrett, men statsadvokaten anka saka. 9. februar var ankesaka behandla av Gulating lagmannsrett, og her vart utfallet eit heilt anna. Lagmannsretten sitt fleirtal finn at tiltalte handla grovt aktlaust då han utførte forbikøyringa som førte til at bilen trefte Atle Eide, som køyrde ein moped. Fleirtalet legg avgjerande vekt på at tiltalte skapte eit betydeleg farepotensiale for andre trafikantar med den markante fartsoverskridinga, si avgrensa køyreerfaring og ved å ikkje ta omsyn til trafikkbildet i tilstrekkeleg grad.

«Etter fleirtalet sitt syn må tiltalte si forbikøyring bli karakterisert som svært klandreverdig, og fleirtalet finn at tiltalte er sterkt å bebreida», står det i dommen frå lagmannsretten.

20-åringen vert av lagmannsretten dømt til 120 dagar i fengsel, samt til å betala oppreising til enka og dei fire barna på 125.000 kroner til kvar, til saman 625.000 kroner. Han er òg frådømt førarretten i tre år.

Denne saka er skrevet av våre kolleger i Kvinnheringen.

Artikkeltags