Bilbrann på Haukeli

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Naudetatane rykka ut til eit køyretøy i full fyr ved Haukelitunnelen tysdag morgon.

DEL

HARDANGER FOLKEBLAD: – Det var ein bil som tok til å brenne ute ved Haukeli, opplyser politibetjent Sebastian Ervik ved Hardanger lensmannskontor.

Bileta HF har fått frå staden viser at det var ein lastebil som brann.

Han fortel at personane som var i den brennande bilen kom seg ut av bilen utan dramatikk. Det var to personar i bilen, og begge har sleppt frå hendinga utan skader.

Ifølge Ervik var det først litt uvisse om kor bilen var. NRK Hordaland skriv at meldinga først gjekk ut på at bilen var inne i Haukelitunnelen. Då naudetatane kom fram, såg dei at bilen var utanfor tunnelen.

Ervik seier at politiet opprettar sak på hendinga.

– Vi vil etterforska om det har skjedd noko straffbart, seier politibetjenten.

Denne saken er hentet fra Hardanger Folkeblad.

Artikkeltags