Trafikkulykke på Haukeli

Artikkelen er over 1 år gammel

Åtte personar er involverte i ei trafikkulykke på Haukeli, melder politiet.

DEL

ODDA [HARDANGER FOLKEBLAD]: Politiet melder på Twitter om ei trafikkulykke om lag 1,5 kilometer aust for Haukelitunnelen.

Ein bil har køyrt på ein annan bakfrå. Totalt åtte personar skal vera involverte i ulykka, men ingen skal ha meld om personskadar.

Den eine bilen sperrer delvis vegbanen, ifølge politiet.

Artikkeltags