Ho er ei av USAs mektigaste forretningskvinner

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Og ho har aner frå Tysvær.

DEL

HAUGESUND: Lois E. Quam (44) er utnemnd til årets norsk-amerikanar og på besøk i landet ho har eit så kjært og nært forhold til.

Ein businessguru, høgt respektert for sitt helseengasjement i USA, og ei jordnær og hyggeleg kvinne der ho sit i stolen ved Rica Maritime Hotell i Haugesund.

– Bestefar Nils Kvamme snakka mykje om Noreg, Haugesund og Tysvær, fortel 44-åringen, som i helga hadde tremenningen og jordmora Astrid Kvamme Rønnevik som guide, og ordførarane Petter Steen jr. og Reidar Pedersen som vertar.

Sjef for 5.000

Quam har klatra raskt og høgt i det amerikanske næringslivet. Sidan 1997 har ho vore toppsjef i helseselskapet Ovations, som tel 5.000 tilsette, har ei årsomsetning på ca 50 milliardar kroner og fem millionar kundar over heile USA, samt England.

Selskapet er ein del av United Healt Group Company, det leiande selskapet i USA innan helsetenester til menneske over 50 år.

– Ovations sitt konsept er unikt i europeisk samanheng. Vårt føremål er å hjelpa eldre folk til å forbetra helsa og livskvaliteten; blant anna gjennom reformer, forsikring og informasjonssystem.

Problemet i USA er at alt for mange ikkje har pengar til helseomsorg. Me har fått regjeringa med på ulike program, og jobbar spesielt med at dei eldste skal få pleie og omsorg i heimen, fortel Quam.

I Det Kvite Hus

Hennar solide utdanning og kompetanse har gitt ho høg status. Ho blei kalla inn som helserådgjevar for president Bill Clinton og inngjekk som ein del av sirkelen rundt Hillary Clinton. Quam har også hjelpt britiske styresmakter med helsereformer.

I 2003 og 2004 blei 44-åringen kåra som ei av dei mektigaste kvinnene i amerikansk forretningsliv av Fortune Magazine. Og i haust er ho utnemnd som årets norskamerikanar av Nordmanns-Forbundet og Norway-America Association.

– Sjølvsagt føler eg meg æra av slike kåringar. Samstundes er litt misunneleg på norske kvinner som lettare kan gjera karriere. Eg har tidlegare møtt Gro Harlem Brundland og i Oslo fekk eg helsa på Sp-leiar Åslaug Haga. Likestillinga er nok ikkje kome like langt USA, konstaterer kvinna som er godt oppdatert på norske forhold.

Elskar det norske

Lois E. Quam er stolt av si norske avstamming og synest det har vore godt å veksa opp og få ei utdanning i USA med sin bakgrunn. Ho har tatt vare på norske tradisjonar og kan slå til med både kakebaking og middagslaging slik hennar forfedrar gjorde det.

– Å blir kåra til årets norskamerikanar betyr noko heilt spesielt. Særleg fordi eg har hatt så nært forhold til mine besteforeldre, og spesielt Nils Kvamme tala så mykje og varmt om Noreg. Men også fordi Noreg har vist rolle i arbeidet med helseomsorg, avsluttar Lois E. Quam.
arne.frokedal@haugesunds-avis.no

Artikkeltags