Ølen får aktiv-park til 10 millionar

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Ein park mellom det nye kulturhuset og Ølen senter, ned mot Ølenfjorden, til nesten ti millionar er på det næraste finansiert og klar til å byggjast.

DEL

ØLEN: Initativet er komme frå Ølen grendeutval.

Her skal ølensbuen og andre spela cricket og boccia, det blir bygt eit crossfitanlegg, padelbane (ein mellomting mellom squash og tennis), bordtennis og sandstrand med sandvolleyball.

Vindafjord formannskap bad rett nok tysdag om litt fleire opplysningar om drift og ansvarsforhold før dei løyver kommunens del, som er sett til 1,5 millionar kroner. Vindafjord arbeidsgjevarforum bidreg med 1,3 million, frå tippemidlane kjem 2 millionar og lokale bedrifter og dugnad skal skyta inn 2,2 millionar kroner, SR-bank 500.000 kroner – til saman, inkludert momsrefusjon, blir investeringa i aktivitetsparken på 9,4 millionar kroner.

- For kommunen er reknestykket i sjølve investeringa enkel og særs grei, me investerer 1,5 million og får andre til å bidra med 8 millionar, smiler ordførar Ole Johan Vierdal.

Det var særleg drifts- og vedlikehaldsopplegget formannskapet ville ha meir informasjon om før dei gjer endeleg vedtak. Her er det lagt opp til at alt frå pensjonistforeining, bocciaklubb, grendeutval, kommunen og Ølen Senter skal bidra.

Artikkeltags