Inga overrasking i Suldal

<b>SOM VENTA:</b> Torkel S. Myklebust tek over ordførarstolen i Suldal.

<b>SOM VENTA:</b> Torkel S. Myklebust tek over ordførarstolen i Suldal.

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Med 344 ekstrastemmer på Sp-listene og 145 slengarar, var det få som ikkje trudde at Torkel S. Myklebust ville bli ny ordførar.

DEL

SULDAL:Tradisjonen tru samla alle partia i Suldal seg til møte etter valet for å fordela postane.

Møtet tok til klokka 19.30 i går kveld, og knappe to timar seinare var det klart at Myklebust (Sp) vert ordførar, med Hans Sæter (Ap) held fram som varaordførar.

Sp får og leiarvervet i LNT-utvalet, medan KrF skal leia levekårsutvalet. I formannskap er plassane fordelt med tre til Sp og ein kvar til Ap, KrF, SV, og Frp.

– Møte i kveld har først og fremst vore nytta til å avtala fordeling av dei viktigaste verva. Me vil ha eit nytt møte seinare der samansetning av utval og plassering av personar vert bestemt, seier Myklebust.

Han er ingen urøynd politikar sjølv om han er ny i kommunestyret i år. Frå 1992 til 1998 var han ordførar i Suldal.

– Det har skjedd mykje på dei ni åra eg har vore heilt ute av politikken, så sånn sett er eg ein nybegynnar. Det blir spennande, og eg gler meg til å starta opp. Sp gjorde eit godt val, og vi har dessutan fått eit godt kommunestyre med brei samansetning. Det er betre i både i høve til alder og kjønn enn tidlegare, seier Myklebust.

Artikkeltags