– Hjortestamma minkar

Blir færre: Talet på hjort går nedover på Haugalandet, konkluderer Kjell Netland. Arkivfoto

Blir færre: Talet på hjort går nedover på Haugalandet, konkluderer Kjell Netland. Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Hjortestamma i regionen minkar. Ikkje minst i ytre strok, seier karmøybonden Kjell Netland.

DEL

Han er leiar i det interkommunale hjorteviltutvalet for kommunane Haugesund, Karmøy, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Suldal og Sauda.
Netland viser til statistikk over tildelte hjorteløyve og felte dyr i alle dei ni kommunane frå 2000 til 2014.

2009 var toppåret

Totalt i regionen blei det tildelt 2.292 løyve og felt 1.519 dyr i 2000. I 2014 var talet på tildelte løyve 3.122 og felte dyr 1.867. Toppåret var 2009, då det blei tildelt kvotar på 3.319 dyr og felt 2.391. Talet på kvotar steig fram til 2012, men talet på felte dyr gjekk då nedover år for år.

Vindafjord størst

Vindafjord er den store hjortekommunen på Haugalandet, med 966 tildelte kvotar og 651 felte dyr i 2014. I Etne var tilsvarande tal 451 og 312. Utviklinga følgjer same mønster her som i regionen samla.
Sveio merkar seg ut med svært stort avvik mellom tildelte kvotar og felte dyr dei siste åra. I 2014 blei det berre felt 127 dyr av ein kvote på 213. I 2013 var kvotetalet 216 og talet på felte dyr 134.

Uroa over nedgang

Netland er uroa over nedgangen, sjølv om han kjem etter ein periode med sterk vekst i dyretalet. Fleire harde vintrar spelar inn, men mest skuldast nedgangen utvida jaktsesong, seier Netland. Han er også skeptisk til auka jaktturisme.

Artikkeltags