Etne: – Me måtte kasta oss rundt, få tak i ein stor varebil og henta alt utstyret som stod stranda i grøfta. Heldigvis fekk me frakta det til hotellet for rigging i god tid før konserten. Dermed kunne programmet gå som planlagt, opplyser dagleg leiar Inger Karin Larsen ved Skånevik Fjordhotel.

Stjerna sjølv, Hanne Krogh, var ikkje om bord i bussen då den tysdag ettermiddag køyrde utfor vegen ved Sandvik - på Fylkesveg 34 mellom Skånevik og Etne.

– Nei, Krogh kom i privatbil. Dei som køyrde bussen er ikkje kjende i området, og køyrde etter GPS. Men satelittnavigeringa svikta ganske kraftig då dei vart sende inn på gamlevegen. Den er så smal at det enkelte plassar ikkje går to bilar i breidda. I tillegg er ikkje vegen salta, så den er såpeglatt, fortel Larsen.

Hotellsjefen venta full sal til Hanne Krogh-konserten.

– Ho er veldig populær her. I fjor selde me ut alle billettane. Det gjer me nok i år også.

– Vart du stressa då du høyrde om utforkøyringa?

– Neida. Eg er berre glad for at alle kom heile frå uhellet. Det er tross alt det viktigaste, seier Inger Karin Larsen - likevel glad for at Hanne Krogh nok ein gong kunne syngja jula inn i Skånevik.