«Vårteikn»: Tjuveri av motorar

politi

politi Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Eit sikkert vårteikn for politiet er meldingar om tjuveri av båtmotorar.

DEL

[Kvinnheringen]

KVINNHERAD: Derfor ber politiet folk om å både sikra og sjå til motorane sine.

– Dei siste vekene har vi fått meldingar om to ulike tjuveri i Lyngstrand–Ænes-området. Det er grunn til å minna folk på om at dei må prøva å sikra eigedommane sine så godt som mogleg, ved å låsa inn eller låsa fast motorar. Ikkje la det stå ope og synleg, til dømes på ein hengar, slik at kven som helst kan «forsyna seg». I tillegg bør ein sjå til utstyret, eller få andre til å sjekka for seg. Det er ikkje så lett å etterforska slike tjuveri viss ein ikkje veit om dei skjedde nyleg eller for tre veker sidan, seier politibetjent Torgeir Fosse.

Artikkeltags