Båtulukke i Langgot

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Ein fritidsbåt køyrte på land i Langgot fredag ettermiddag. Politiet mistenkjer promille.

DEL

Like etter klokka tre fredag ettermiddag køyrte ein 34 fots fritidsbåt inn i fjøresteinane i Langgot. Politiet, brannvesen og ambulansepersonale kom raskt til staden staden.

To personar var om bord, ein mann i 50-åra og ei kvinne i 40-åra. Dei kom frå ulukka utan skader, men blei tekne med til legevakt for sjekk.

Politiet trur det var mannen som køyrte båten, og på bakgrunn av mistanke om promille blei det teke blodprøve av han, fortel vakthavande hos politiet sin operasjonssentral.

Politiet trur også at båten hadde høg fart. Likevel fekk den ikkje store skadar, og kan sannsynlegvis slepast frå staden.

Denne saken er hentet fra Kvinnheringen

Artikkeltags