Fryktar store tap

MYKJE PÅ SPEL: Leiar i Vats bondelag, Jakob J. Eskeland, forstår at etnebøndene ikkje vil gje slepp på tilskotsordningane i Hordaland. Han ønskjer at den nye kommunen Etne/Vindafjord får jordbruksordningar som Etne i heile den nye kommunen. 8Foto: Privat

MYKJE PÅ SPEL: Leiar i Vats bondelag, Jakob J. Eskeland, forstår at etnebøndene ikkje vil gje slepp på tilskotsordningane i Hordaland. Han ønskjer at den nye kommunen Etne/Vindafjord får jordbruksordningar som Etne i heile den nye kommunen. 8Foto: Privat

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Bønder i Etne fryktar dei kan tapa inntil 200.000 kroner i året på at kommunen slår seg saman med Vindafjord og melder overgang til Rogaland.

DEL

ETNE: Bøndene i Vindafjord vil at tilskotsreglane i dagens Etne skal gjelda i den nye kommunen. Då får til dømes grisebøndene i Vindafjord 200.000 meir utbetalt i året enn i dag.

– Eg tolkar jordbruksavtalen slik at sonegrensene for tilskot og overføringar til landbruket, ved samanslåing av to eller fleire kommunar, blir vidareført, seier statssekretær Terje Halleland (Frp) til Haugesunds Avis.

Det betyr i utgangspunktet at ingen sonegrense blir endra av ei kommunesamanslåing, legg Halleland til.

Ordførarane Siri Klokkerstuen (Ap) og Ole Johan Vierdal (Sp) har bedt om eit snarleg møte med både landbruksdepartementet og kommunaldepartementet for å få klarlagt kva som kan skje med tilskota til jordbruket ved ei samanslåing av Etne og Vindafjord.

Større tilskot

I Etne får ein grisebonde 1,10 kr meir per kilo kjøt enn ein tilsvarande bonde i Vindafjord. Og ein hordalandsbonde i Etne som vil satsa på mjølkeproduksjon, kan kjøpa mjølkekvoter for seks-sju kroner literen.

Tilsvarande literpris for å kjøpa mjølkekvoter i Rogaland er nå kome opp i rekordhøge 16 kroner literen.

Dette skuldast enorm satsing på mjølk på svære gardar på Jæren. Noko som gjer det tilnærma økonomisk umuleg for unge bønder på mindre bruk i Ryfylke og Nord-Rogaland å satsa på å auka mjølkeproduksjonen.

Det blir for dyrt å kjøpa mjølkekvoter.

Leiger Mjølkekvoter

– Klart me ønskjer oss vilkår som etnebøndene, seier leiar i Vats bondelag, Jakob J. Eskeland, i Blikrabygda.

Han fortel at mange unge bønder som prøver å satsa på mjølkeproduksjon, leiger mjølkekvoter. Men leigeprisen i Rogaland er nå kome opp i 1,60 kr literen.

Ein bonde som leiger mjølkekvote i Hordaland slepp med halvparten.

Eskeland seier vindafjordbruka er meir vestlandsbruk enn «jær-bruk» og at sonene for hordalandsjordbruket hadde passa betre.

Ordførarar på farten

Dei to ordførarane har bede om møte med leiinga både i landbruksdepartementet og kommunaldepartementet.

Bakgrunnen er at kommunalminister Jan Tore Sanner tidlegare har signalisert at det går an å søka om å få ha dei opphavelege sonegrensene frå jordbruksavtalen ved samanslåing av kommunar og ved overgang til eit nytt fylke.

I Oslo vil dei to ordførarane også ha møte med bondelaga, som er partar i jordbruksoppgjeret og som har godkjent sonegrensene.

Møta skal skje etter 15. august. 26. september må alt vera avklara, for då skal folket i Etne og Vindafjord ta stilling til om dei to kommunane skal slåast saman.

På Etnemarknaden denne veke skal politikarar frå begge kommunane stå på stand saman og svara på spørsmål om kommunesamanslåinga.

Her vil dei også ha ein forslagskasse der publikum kan levera inn forslag til namn på den nye kommunen.

Likt i ny kommune?

Draumen til bøndene i begge kommunane er å få «etnereglar».

Men statssekretær Terje Halleland vil ikkje forskottera eit slikt utfall.

Han minner om at jordbruksavtalen er ein forpliktande avtale med fleire underskrivande parter.

Han viser også til at då Ølen og Vindafjord blei slått saman til ein kommune, måtte ølenbøndene tåla ein reduksjon i kiloprisen for svinekjøt på 50 øre.

Og i Etne går enkelte sonegrenser for tilskot tvers gjennom kommunen - slik at bøndene i Skånevik og Etne får ulike distriktstilskot.

Artikkeltags