Avsluttar søket etter Marvin Lee Judy Jr. (57)

Marvin Lee Judy Jr., mannen til venstre på bildet, er framleis sakna. Politiet vil ikkje halda fram leitinga etter den amerikanske turisten. (Akrivfoto).

Marvin Lee Judy Jr., mannen til venstre på bildet, er framleis sakna. Politiet vil ikkje halda fram leitinga etter den amerikanske turisten. (Akrivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

– Vi må vurdera kva som er mest hensiktsmessig, seier fungerande lensmann Sigurd Børve.

DEL

KVINNHERAD [Kvinnheringen]: Denne helga har familien til den sakna 57-åringen frå USA besøkt Kvinnherad. Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor seier det var godt å få møta den sterkt prega familien.

– Vi har gjennomgått ting saman med familien hans. Det var eit godt møte, der vi fekk snakka saman direkte. Å gå gjennom ein slik situasjon, der eit familiemedlem antakeleg er omkomme, er sjølvsagt forferdeleg trasig for dei, seier Børve til Kvinnheringen.

Kvinnherad lensmannskontor har i samarbeid med Kystvakta og Forsvaret planlagt å søka vidare i sjøen etter mannen som forsvann frå Rosendal Fjordhotell 26. august. Børve fortel at planane no er skrinlagde.

– Ut ifrå situasjonen vi er i, der det ikkje har komme inn nye opplysningar, avsluttar vi saka. Det har også med tilgjengeleg utstyr å gjera. Det er ei fagleg vurdering. Ein ser det som lite hensiktsmessig å halda fram, seier han.

– Skulle vi ta imot ny informasjon, vil vi sjølvsagt ta opp igjen saka. Vi ber om at folk som er på sjøen held auga opne. Ein person som dett i sjøen kan enten gå ned eller flyta i havoverflata over tid. Sjå til spesielle viker der ting kan samla seg opp, oppmodar Børve.

Fleire personar snakka med amerikanske Marvin i Rosendal 26. august, morgonen han sjekka ut av Rosendal Fjordhotell. Sidan har han vore sporlaust forsvunnen. Politiet har heile vegen jobba ut frå ein teori om at han gjekk seg ein tur i Rosendal-området.

Artikkeltags