FØRDE (Firda):I helga forsvann nemleg 50 av bøkene til Leif Einar Lothe, også kjent som Lothepus, då han og Finn Tokvam skulle signere bøker. Dette fekk butikksjef Ann-Katrin Olsen til å gå ut i Firda for å be folk om å vere så gode å komme attende med bøkene.

Også Lothepus sjølv tykte det var trist med bøkene som for på avvege.

– Det har vore mange som har teke kontakt både i går og i dag, seier butikksjef Ann-Katrin Olsen på Notabene i Førde til avisa Firda.

– No manglar vi utruleg nok berre åtte bøker. Vi er kjempeglade og takknemlege for at folk kom tilbake med bøkene, seier Olsen, som også nemner at det framleis er råd å komme tilbake med bøker som ein har fått med seg utan å betale.

Born misforstod

– Når det er sagt, så er det houvudsakeleg mange born som har misforstått opplegget. Dei trudde bøkene var gratis, så dei er heilt uskuldige. Så ingen skal henge ut sunnfjordingar eller førdianarar for å vere nokre tjuvraddar slik som det har blitt kommentert i sosiale media, seier Olsen, og legg til at det stempelet fortener ingen.

– Folk er ærlege, det heile kjem av ei stor misforståing, seier Olsen.

Men ho seier at det også har vore tilfelle der vaksne også hevda at dei trudde at bøkene var gratis, utan at ho vil utdjupe dette noko meir.

Vil sjå på opplegget

– Vi skal gå igjennom det som skjedde i helga, for det som skjedde i helga var enormt. Vi har aldri opplevd liknande tidlegare, så det vil nok verte tiltak for å hindre at noko slikt kan skje igjen, seier Olsen.

Denne saken er hentet fra Firda.