Skånevik: Songstjerna og Etne-vennen slo til med «Lyser i stille grender», og politikarane følgde opp med eit heller harmonisk budsjettmøte.

– Det er trist å høyra på ein del svartmåling. Eg føler at det er handlingsrom i dette budsjettet der me vel å satsa på trivsel, nytt kulturhus og gode oppvekstvilkår, sa Siri Klokkerstuen (Ap).

Raudgrønt

Kritikken retta mot Frp som meiner at kommunen ikkje har råd til å engasjera seg økonomisk i det store kulturhusprosjektet, var unntaket i ein fredeleg debatt..

I Etne har det uventa skjedd at dei raudgrøne har funne kvarandre. For starten på valperioden var turbulent etter at stemmevinnar Siri Klokkerstuen og Ap blei skvisa under fordelinga av taburettane der Sigve Sørheim (Sp) blei ordførar med støtte av alle dei andre partia.

Alt i budsjettbehandlinga har Ap og Sp funne tonen og lanserte eit fellesforslag som var sikra fleirtalsstøtte.

Dermed hjelpte det lite kva varaordførar Roe Lauvås (H) og aktive Roger Nilsen (Frp) hadde å fara med av forslag frå talarstolen.

Lysløype

At vesle Fjæra skule skal bestå, iallfall fram til hausten 2009, var det brei politisk semje om.

Dei raudgrøne fekk vedtatt auke til spesialundervisning, større løyving til idrettsanlegga i Skånevik og Etne, samt 200.000 kroner til lysløype i fjellet av nye ting.

Auken er på vel ein million i forhold til rådmannena framlegg, Inndekninga skjer ved auka skatteanslag og bruk av fond.

Hestesport

– Kommunen har utfordringar, men det er mykje positiv som skjer, sa gruppeleiar Ingvor Gundergjerde i Sp, som oppfordra ordføraren om å ta kontakt med dei mange hestesportsentusiastane for i løysa floken med det planlagde anlegget som fall ut av reguleringsplanen.

Roe Lauvås innsåg at budsjettkabalen alt var lagt, men kom likevel med forslag om 200.000 kroner til barne- og ungdomsarbeid og 300.000 kroner for å få fart på kommunalt planarbeid.

– Me må visa at det skal vera godt å bu i Etne, sa han.

Frp fremja eige framlegg utan at tilskot til kulturhus var med.

–Kommunen har store utfordringar i pleie/omsorg og vedlikehald og kan ikkje bruka pengar som me ikkje har, sa Roger Nilsen utan å få støtte frå andre parti.