Epleskurv, rognebærmøll og storknolla råtesopp

Epleskurv: Dette eplet har fått sjukdommen epleskurv.    Foto: Erling Fløistad/NIBIO

Epleskurv: Dette eplet har fått sjukdommen epleskurv. Foto: Erling Fløistad/NIBIO

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Knoppspretten er i gong i Ryfylke. Det er også byrjinga på sjukdomsspreiing blant eple.

DEL

JORDBRUK: Sist veke blei det observert knoppspreiing (grøn spiss) på epletre i fruktområda i Ryfylke og dermed startar varsling av epleskurv, skriv NIBIO, Norsk Institutt for Bioøkonomi, i ei pressemelding.

NIBIO har denne sesongen vidareutvikla varslingstenesta VIPS (Varsling Innen PlanteSkadegjørere). Denne gir informasjon om fare for angrep og skadar av sjukdomar, skadedyr og ugras i dei viktigaste jord- og hagebrukskulturane.

For det er ikkje berre ein ting som kan ta nattesøvna frå bonden. Vi har bladflekksjukdommar i kveite, grå øyeflekk, byggbrunflekk, storknolla råtesopp, potettørråte, kålfluer, kålfly og salatbladskimmel. Løkbladskimmel, selleribladflekk, håra engtege, gulrotflue, eplevikler og rognebærmøll. For å nemne nokre.

Eit viktig hjelpemiddel

– Varsling av epleskurv i VIPS er eit viktig hjelpemiddel for fruktdyrkarar som treng å ha kontroll på denne sjukdommen, seier forskar Håvard Eikemo. Han er fagansvarleg for epleskurvvarsling. Sjukdommen er ein av dei viktigaste skadegjerarane i eple i Norge.

Varselet blir laga med hjelp av data frå rundt 25 klimastasjonar i viktige fruktdistrikt i Sør-Norge. Varslinga startar når rundt halvparten av blomsterknoppane på tidlegblomstrande eplesortar som Gravenstein og Summerred er komne i grøn spiss. Det er på denne tida dei første spora til skurvsoppen er modne og klare til spreiing.

Artikkeltags