Har du funne sjuke eller daude fuglar? Då må du kontakta Mattilsynet!

Ender på Sunde. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Ender på Sunde. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Av
DEL

Klikk her for knalltilbud på Haugesunds Avis digitalt

[KVINNHERINGEN]: Eit stort utbrot av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at Mattilsynet går ut og ber om hjelp frå folk som ferdast langs sjø og vatn og våtmarksområde. Trekkfuglane kjem no i retur frå nettopp Sentral-Europa, noko som gir høg risiko for at dei kan bera med seg smitte til Norge.

Mattilsynet ønskjer tips om du finn:

• Fleire enn 4–5 sjuke eller daude «andefuglar» i eit avgrensa område.

• Mange andre daude fuglar i eitt og same område.

• Daud rovfugl på typiske opphaldsstadar for andefuglar.

Fuglar som er daude av ytre skadar, er avmagra eller rotne er i utgangspunktet ikkje aktuelle å undersøkja for fugleinfluensa.

Av omsyn til generell smittefare skal alle unngå å koma i fysisk kontakt med sjuke og/eller daude fuglar. Typen av influensa som herjar i Sentral-Europa er ikkje farleg for menneske, men dødeleg både for ville og tamme fuglar.

Av den grunn har Mattilsynet bestemt at tamme fuglar skal haldast innandørs, eller ute under tett tak.

Artikkeltags