Mona Grønningen har takka ja til redaktørjobben

Mona Grønningen har takka ja til fast jobb som redaktør og dagleg leiar i Kvinnheringen.

Mona Grønningen har takka ja til fast jobb som redaktør og dagleg leiar i Kvinnheringen. Foto:

No er det klart: Mona Grønningen blir redaktør og dagleg leiar i Kvinnheringen.

DEL

(Kvinnheringen): Grønningen har vore konstituert redaktør sidan Tomas Bruvik gjekk ut i permisjon etter jul i år, og ho fekk forlenga dette vikariatet då det blei klart at Bruvik sa opp i sommar. Onsdag kunne styreleiar i Kvinnheringen, Øystein Vormestrand, orientera om at Grønningen no har fått tilbod om fast stilling som redaktør og dagleg leiar. Og ho har takka ja.

– Veldig stas. Det er utruleg kjekt å bli vist ein slik tillit, og ikkje minst å kjenna på den støtta eg har frå kollegaane mine, seier Grønningen.

Ho seier ho er glad for at spørsmåla kring stillinga no er avklara, slik at ein kan begynna å sjå framover, legga strategiar og sikra stabilitet over tid.

– Dette er ekstra viktige moment i den tida vi er inne i no, med eit stort press på oss i mediebransjen om å levera gode produkt, samt jobba etter stadig nye strategiar og nye metodar. Heldigvis er vi ein god, kreativ og dyktig stab som leverer og dreg lasset i lag, påpeikar ho.

Bruvik har sagt opp redaktørjobben

Vaktbikkjer

Grønningen seier ho er stolt og audmjuk over å få leia ein arbeidsplass med eit merkenamn som Kvinnheringen sitt.

– Vi skal halda fram med å vera hyperaktuelle, og levera godt, lokalt stoff. Vi vil framleis gi alt for å vera den føretrekte nyhendekanalen til kvinnheringane, og følga samfunnsoppdraget vårt som vaktbikkjer i lokaldemokratiet. Samstundes skal vi gjera vårt beste for å vera til stades der det skjer, og vi skal skriva om det folk er opptekne av, konkluderer ho, og legg til at ho set pris på engasjement og tilbakemeldingar frå lesarar.

Styreleiar Vormestrand fortel at styret er glad for at Grønningen har takka ja til jobben som redaktør og dagleg leiar, og han skildrar henne som ein ambisiøs og kompetent leiar som kjenner behova i organisasjonen og i lokalsamfunnet sitt godt.

– Mona har fått prøvd seg i rolla sidan Tomas først gjekk ut i permisjon og vidare då han takka for seg. Ho har vakse fint i denne rolla, og har hatt ei god utvikling i perioden. I lag med dei tilsette syt Mona for at Kvinnheringen stadig utviklar seg som produkt, og held fram med å vera nyhendekanal nummer éin for kvinnheringane. Ho er klar på at journalistikk er eit kreativt produkt, og på ein god og solid måte dreg ho skuta stadig framover, sluttar Vormestrand.

Denne saken er hentet fra Kvinnheringen.

Artikkeltags