Meir kraft i Gismarvik

<b>I VINDEN: </b>Administrerande direktør Olav Linga i Haugaland Kraft vil ha både vindmøller og kolkraftverk i Haugaland Næringspark i Gismarvik. Han er oppteken av at regionen på sikt vert sjølvforsynt med energi.

<b>I VINDEN: </b>Administrerande direktør Olav Linga i Haugaland Kraft vil ha både vindmøller og kolkraftverk i Haugaland Næringspark i Gismarvik. Han er oppteken av at regionen på sikt vert sjølvforsynt med energi.

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

I tillegg til kolkraftverk vurderer Haugaland Kraft å plassera vindmøller i den planlagde næringsparken ved Gismarvik. No skal kraftselskapet i samtalar for å finna interesserte partnarar.

DEL

ENERGI: Tidlegare i år lanserte administrerande direktør Olav Linga i Haugaland Kraft planane om å byggja eit kolkraftverk i den planlagde næringsparken i Gismarvik i Tysvær. No tek han til ordet for at kraftselskapet også skal byggja ein liten vindmøllepark i same område.

– I eit normalår har Noreg underskot på kraft. Heller ikkje regionen her kan forsyna seg sjølv med kraft, sjølv med det nye gasskraftverket på Kårstø. Både kolkraftverk og vindmøller inngår i våre langsiktige planar fram mot år 2020 og vil vera med å auka leveringstryggleiken i regionen, seier Linga.

Haugaland Kraft skal i nærmaste framtid ha både politiske samtalar og møte med industrielle partnarar som vil vera med å få bygd kolkraftverket på Gismarvik.

– Me må ha inn partnarar med kompetanse på store prosjekt for å få realisert kolkraftverket, fastslår Linga som reknar med at selskapet i løpet av hausten vil sende inn førehandsmelding om planane.

Men ei realisering ligg mange år fram i tid. Både utarbeidinga og handsaminga av ein konsesjonssøknad vil ta fleire år. Linga seier det kan ta både fem og ti år før første spadestikk. Kolkraftverket er også avhengig av at staten får på plass ein verdikjede for CO2.

– Utan reinsing byggjer me ikkje kolkraftverket. Men det vil produsera mellom 2,5 og 5 tonn CO2, og såleis vera ei viktig kjelde i ein verdikjede, meiner Linga.

Haugaland Kraft jobbar også vidare med planane om vindmølleparkar i Vindafjord. I løpet av hausten vil det bli sendt førehandsmelding på desse prosjekta. Dermed vil det også her gå tid før ei eventuell utbygging kan ta til.

– Vår oppgåve er å ivareta energiressursane og energiforsyninga i regionen i mange år framover. Forbruket i regionen aukar med fire-fem prosent årleg, og me er nøydde til å vera i front sjølve. Ingen er der for oss, seier Olav Linga.

Plasseringa av både vindmøller og kolkraftverk er ikkje tilfeldig. Alt er plassert i nærleiken av 300 kv linja som kraftselskapet driftar i dag. Dermed blir tilgangen til overføringsnettet kort.

– Vil nettkapasiteten avgrense den auka produksjonen?

– Slik det ser ut i dag er kapasiteten på nettet god nok. Men med både kolkraftverk og litt vindmøller så kan det jo bli fullt, seier Linga.

joar. grindheim[AT]haugesunds-avis.no

Artikkeltags