Miljø-energi på nettet

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

Etter få og små inngrep i naturen, kom i går krafta frå småkraftverket ved Tysselandselva offisielt på nettet. Olje- og energiministeren stod for oppstarten.

DEL

Det er Tysseland Kraftlag AS og Haugaland Kraft AS som står bak prosjektet som utnyttar eit fall på 225 meter i Tysselandselva i Suldal kommune. Sjølve kraftverket ligg ved fjorden rett innom Ropeid med Sand på motsett side. Prosjektet utløyser 25,5 GWh ny kraft, nok til å forsyne 1.250 husstandar. Eller til å dekke opp kring to tredelar av privatforbruket på ein stad som Sauda.
Røyrgata går frå ein fangdam i elva eit stykke opp frå der elva kryssar under Rv 520. Røyrgata og alt av kablar er grave ned i grunnen og dekka til att. Førebels viser såret i fjellsida. Men over tid vil spora forsvinne.
Frå riksvegen og ned til kraftverket er det bygt veg av god skogsvegstandard.

Vidarefører tradisjon

At Tysselandselva no bidreg med sitt i ein overoppheta kraftmarknad, er vidareføring av lange tradisjonar. Elva har vore nytta frå heilt attende på 1500-talet. Under den såkalla Skottetida dreiv vatnet frå elva skovlene i sagbruk som forsynte kontinentet med tømmer.
No skal vatnet frå det 21,2 kvadratkilometer store nedbørsfeltet, som for det meste ligg i Suldal kommune, bidra med energi til folket og meirinntekter til dei fire bruka som ligg på Tysseland. Berre to av bruka er i drift. Men desse to bruka sit også på 85 prosent av fallrettane og har leigt resten hjå dei andre.

Søkte kompetanse

Dei første planane om utbygging vart lagt i 1997. Her står Ola Marvik og svigersonen Anders Tysseland sentralt, både som grunneigarar og initiativtakarar.
Dei to innsåg at dei hadde trong for å knytte til seg kompetanse og kapital. Etter å ha lufta planane for eit par aktuelle samarbeidspartnerar, enda dei opp med Haugaland Kraft som i 2000 kom med på laget.
I dag er prosjektet for det meste avslutta etter anleggsstart hausten 2000. Slik det ser ut til, skjer dette innan kostnadsramma på 34 millionar kroner. Utbyggingskostnaden endar då på 1,33 øre kilowattimen.
- Det må seiast å vere godt forsvarleg økonomisk, uttala administrerande direktør i Haugaland Kraft, Bjørn M. Apeland, i går.

Viktig bidrag

Olje- og energiminister Einar Steensnæs peika på at sjølv om anlegget utgjer ein liten prosentdel av samla kraftproduksjon, er krafta med å oppretthalde ein hårfin kraftbalanse.
- Krafta er eit nyttig bidrag til samla kraftproduksjon. Produksjonen bidreg og til å oppretthalde eit anstendig inntektsnivå ved dei bruka som er involvert. Det er og mi von at andre bønder skal kunne hente inspirasjon frå kva som er gjort her og såleis vere døropnar for andre som tenkjer i same baner, sa statsråden.

oddvar.vindedal@haugesunds-avis.no
FEIRING: Dagen vart markert med både kranse- og marsipankake. Initiativtakar Ola Marvik (t.v.) og olje- og energiminister Einar Steensnæs fekk æra av å opne godsakene. Administrerande direktør i Haugaland Kraft, Bjørn M . Apeland held oppsyn.

Artikkeltags