Mykje smil og snøre

PÅ AVVEIE: Då snøret til Karina Stokke Mæhle hamna i flettene, var det godt å ha ei hjelpsam søster i nærleiken, Anneli Stokke Mæhle ordna opp. Til høgre den tredje søstera, Tori.

PÅ AVVEIE: Då snøret til Karina Stokke Mæhle hamna i flettene, var det godt å ha ei hjelpsam søster i nærleiken, Anneli Stokke Mæhle ordna opp. Til høgre den tredje søstera, Tori.

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Her kan ingen ting stoppa smilet. Ikkje eingong fiskesnøre i flettene.

DEL

STORD: Elleve kvinner, elleve fiskestenger og to menn.
Det er kurs i flogefiske langt oppi fjellsida på Stord.
– Kjempekjekt, seier nybyrjar Karina Stokke Mæhle.
Saman med søstrene Anneli og Tori står ho på ei slette og kastar. Og kastar.
Det går bra med tørrtreninga, heilt til fotografen vert for nærgåande. Då tar snøret brått si eiga retning – rett i flettene til Karina. Søster Anneli er hjelpsam og ordnar opp. Tori ler.

Gløymer alt

– Dette er rekreasjon. Her må vi konsentrere oss. Gløymer alt anna. Dessutan er det veldig sosialt med kurs berre for jenter, smiler dei tre, som er oppflaska med fiske og friluftsliv heime på Stord.
Eit stykke borte står Elisabeth Kjærland og Elin Jørgensen.
– Det er litt vanskeleg, men vi er jo her for å lære. Enno er det berre tørrtrening. I morgon skal vi fiske i vatn, seier Elin Jørgensen, som kom eins ærend frå Haugesund for å lære å fiske med floge:
– Tidlegare har eg fiska i sjø, men dette er heilt annleis.

Imponert

Stord jeger- og fiskerforening arrangerte kurset i helga. Instruktørane Kristian Pettersen og Kenneth Bruvik rosar kvinnnene.
– Eg er imponert, dei er veldig flinke. Kvinner er flinkare til å konsentrere seg om ein ting om gongen, seier Kenneth Bruvik.
Han er tilsett i Hordaland jeger- og fiskerforening, og har ansvar for opplæring.
– Vi jobbar i skular og driv kurs som dette. Hovudtyngden av medlemmane våre er menn og vi ynskjer kvinnene hjarteleg velkomne, seier han og minnar om kor viktig det er å kome seg ut i naturen.
– Å dra ut med fiskestanga er ein flott aktivitet for heile familien. Dessutan er det viktig for den psykiske helsa. Det er så utruleg godt å koma seg ut, både for kropp og sjel, smiler Kenneth Bruvik.
kristine.sele@haugesunds-avis.no

Artikkeltags