Denne gjengen gler seg til butikkopning

Her ser du gjengen som skal jobba på Clas Ohlson. F.v. butikksjef Ina Rismyhr, Bente Elisabeth Kaldestad, Kristin Iversen Milde, Julian Eide, Christina Hauge Johansen, Ole Jørgen Spissøy Sørensen, Rati Elisabeth Sæbø, Helene Hivand, Maria Guddal Kjeka, Tor Ingvar Sjo Wiik og Kjersti Sund.

Her ser du gjengen som skal jobba på Clas Ohlson. F.v. butikksjef Ina Rismyhr, Bente Elisabeth Kaldestad, Kristin Iversen Milde, Julian Eide, Christina Hauge Johansen, Ole Jørgen Spissøy Sørensen, Rati Elisabeth Sæbø, Helene Hivand, Maria Guddal Kjeka, Tor Ingvar Sjo Wiik og Kjersti Sund.

Av
DEL

[KVINNHERINGEN]:Torsdag opnar ein ny butikk i Kvadraten på Husnes; Clas Ohlson. Arbeidet med å klargjera lokala, setja opp hyller og få på plass varer, har føregått sidan starten av februar. No er det berre små detaljar som står igjen, og måndag fekk Kvinnheringen koma innom butikken og helsa på dei tilsette som skal jobba der.

– Det er hektiske dagar, men no er det siste innspurt, og vi gler oss veldig til å endeleg kunna invitera kundane inn! fortalde butikksjef Ina Rismyhr og resten av gjengen.

Etter å ha teke ein runde i butikklokala, kan underteikna konstatera at den var fylt med utruleg mange forskjellige varer. Her finst verkeleg noko for ein kvar smak, frå til dømes interiør og kjøkenutstyr til verktøy, elektronikk og «dingsar».

– Her inne finst det jo mykje. Kan du fortelja noko om sortimentet som mange kanskje ikkje veit?

– Ja, Clas Ohlson har eit enormt utval av reservedelar til produkta vi sel her, som betyr at du ikkje treng å kasta og kjøpa nytt om ting blir øydelagt. Det meste kan reparerast, smiler butikksjefen.

Då Kvinnheringen var innom var dei tilsette spreidde rundt om kring i butikken. Nokon fekk opplæring, medan andre, som Rati Elisabeth Sæbø, rydda på plass varer:

– Vi er ein veldig fin gjeng, og Ina er ein veldig smilande og inkluderande sjef. Eg er spent på responsen frå kundane, men eg trur denne typen butikk vil gå godt på Husnes fordi vi har så mykje forskjellig. Eg kjem sjølv til å handla mykje her, garantert! smilte ho lurt.

Opningsdagen blir det gode tilbod, og er du ein av dei 30 første som handlar får du også med deg heim ein gratis drill.

Denne saken er hentet fra Kvinnheringen.

Artikkeltags