Flyttar heim og opnar butikk

2. august skal det sjå heilt annleis ut i desse lokalai Husnes Storsenter når Marthe Fotland opnar klesbutikken «Motion».

2. august skal det sjå heilt annleis ut i desse lokalai Husnes Storsenter når Marthe Fotland opnar klesbutikken «Motion».

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Onsdag 2. august opnar Marthe Fotland (23) fra Valen klesbutikken «Motion» i Husnes Storsenter.

DEL

[KVINNHERINGEN]: Etter fire år i Bergen med studiar innan marknadsføring og sal – bachelor-oppgåva er nyss levert – er Marthe Fotland snart klart for å kasta seg inn i klesbransjen for fullt med frittståande butikk. Juni går med til jobbing og avrunding i Bergen – månaden etter startar førebuingane i butikklokala.

– Juli vil gå med til å innreia og fylla opp det om lag 200 kvadratmeter store butikklokalet, smiler Marthe.

Når butikken opnar skal ho ha to deltidstilsette medarbeidarar.

Marthe har faktisk har vore i sving i lokala før som butikkmedarbeidar. Då var lokala var kjende under merkenamna Jack & Jones/Vero Moda.

Som den klesinteresserte jenta Marthe er, har ho òg hatt jobb i klesbutikk i Bergen på sida av studiar.

– Men no var det naturleg å koma heim for å realisera ein draum, smiler Marthe som har vore oppteken av kle så lenge ho kan hugsa.

I tillegg til å ønska seg tilbake til Kvinnherad – ho vaks opp i Porsvik på Valen – har Marthe lenge tenkt at ho ville driva eigen butikk. Den handfaste førebuinga av Motion har alt føregått i vel eit halv år.

– Eg har møtt leverandørar og plukka ut både haust- og julemote, og så vidt kika litt på vårmoten for neste år, fortel Marthe.

Motion vil retta seg mot kvinner og menn, hovudsakleg i aldersgruppa 18–50 år.

– Men det skal vera litt for tenåringen og besteforeldra òg, legg Marthe til.

Og sjølv om ho er veldig interessert i kle sjølv, vil ho gjerne ta imot innspel frå kundane når ho er komen i gang med butikkdrifta. Sidan ho ikkje skal vera knytt til ei kjede, står ho heilt fritt med omsyn til vareutval.

– Eg har god tru på å driva butikk i Husnes Storsenter – det skal bli kjekt å skapa noko her. Senteret har ein dyktig senterleiar i Geir Jakobsen – han er flink til å få ting til å skje. Elles lanserte eg Facebook- og Instagram-sider 1. juni, og fekk god respons der, smiler Marthe.

Artikkeltags