Slaktar all fisken ved anlegg på Husnes etter mistanke om alvorleg laksesjukdom

Lingalaks skal slakta all fisken ved anlegget på Nebbo utanfor Bogsnes, etter mistanke om sjukdom. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Lingalaks skal slakta all fisken ved anlegget på Nebbo utanfor Bogsnes, etter mistanke om sjukdom. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det er mistanke om alvorleg sjukdom hos laksen på Lingalaks sitt fiskeoppdrettsanlegg på Husnes. No vil selskapet slakta all fisken.

DEL

KVINNHERINGEN: Ifølgje ei pressemelding frå Lingalaks har prøvar utført av Pharmaq Analytiq AS vist funn av det såkalla ILA-viruset. Funnet blei meldt til Lingalaks torsdag kveld. Som ein konsekvens kjem Lingalaks no til å slakta all laksen på anlegget ved Nebbo utanfor Bogsnes på Husnes, og ber samtidig folk som ferdast og driv aktivitet i området om å vera forsiktige, slik at risikoen for spreiing av sjukdomen blir minimal.

Cecilie Ihle i Mattilsynet seier til Kvinnheringen at det førebels berre er mistanke om at laksen er smitta, og at ein vil ta fleire prøvar for å bekrefta om det er tilfelle. Mattilsynet har førebels ikkje pålagt Lingalaks å slakta fisken, men saka blir likevel handtert som om det er smitte.

– Infeksiøs lakseanemi (ILA) er ein såkalla listeført sjukdom, som er alvorleg, og som rammar laksefisk. Det er varierande kor høg dødelegheit det er, men fisken får auka blødningstendens, og ender opp med alvorleg anemi. Den sjuke fisken skil ut viruset i sjøen, og slik kan det spreia seg til andre anlegg og villfisk, forklarar Ihle.

Som ein konsekvens, dersom sjukdomen blir bekrefta, vil anlegget på Nebbo kunna bli bandlagt, som betyr at Lingalaks vil få restriksjonar på å ta ut fisken på ein forsvarleg måte og slakta den. Men ifølgje pressemeldinga til Lingalaks er all fisk på lokaliteten planlagt utslakta i løpet av dei neste fire dagane, og selskapet har fullt fokus på å sørgja for at smitte ikkje spreier seg.

– Vi har kontakt med alle fartøy og personar som har vore på denne lokaliteten den siste tida, heiter det i pressemeldinga.

– Denne sjukdomen er relativt vanleg, og dukkar opp frå tid til annan. Lengre nord i landet har ein epidemi vart ei stund, men det er ikkje tilfelle for Hardangerfjorden. Siste tilfellet vi hadde her var for to år sidan, opplyser Ihle i Mattilsynet.

Artikkeltags