ØLENSVÅG: Operasjonane med å føra "Aasta Hansteen" dekket frå spesialskipet "White Marlin" og over på to andre fartøy som skal ta de store dekket frå Westcon i Ølensvåg til samankoplinga med resten av plattforma i Digernessundet på Stord, er ferdig.

Men turen frå Ølensvåg til Stord er utsett frå i morgon, onsdag til søndag eller mandag.

- Årsaka er dei dårlege vermeldingane, seier Svein Stene i Westcon Yards.

"White Marlin" forlet Ølensvåg tysdag morgon. Dekksslepet vidare skal skje i dagslys, men det blir tidlegast søndag.