Problem med propellen ute på fjorden

Ferja var ute på fjorden då propellen fekk problem.

Ferja var ute på fjorden då propellen fekk problem. Foto:

Kapteinen takka tolmodige passasjerar etter at det oppstod tekniske problem på MF «Utne».

DEL

ODDA [Hardangerf Folkeblad]: Det er tekniske problem med den eine propellen.  MF «Utne» har ein propell i kvar ende, og kom seg til kai. Det er ikkje lett når det bles, seier regionsjef Inge Andre Utåker i Norled.

Det var søndag kveld at ferja som går mellom Utne og Kvandal fekk problem.  Utåker veit ikkje kor mange passasjerar som var om bord då propellen fekk problem.

Det skjedde då ein var under vegs, med passasjerar. Vi veit ikkje årsaka, og startar feilsøkinga no, opplyser Utåker til Hardanger Folkeblad.

Han veit ikkje kor forseinka ferja vart grunna utfordringane, men legg til at kapteinen takka tolmodige passasjerar.  Rute B vert innstilt inntil vidare.

Det er for tidleg å seie kor lenge dette vil vare.

Ferja mellom Kvanndal-Utne Rute 2 innstilles inntil videre, melder Nordled på sine heimesider.

«Rute 2 innstilles inntil videre, årsak er tekn. Problemer for fartøy i rute 1», skriv dei klokka 19.15 søndag.

DENNE SAKEN ER HENTET FRA HARDANGER FOLKEBLAD

Artikkeltags