I Tysvær tener menn 283.500 kroner meir enn kvinner

Artikkelen er over 5 år gammel

Tysvær, Bømlo og Fitjar er kommunane i distriktet med skeivast inntektsfordeling mellom menn og kvinner.

DEL

Full tilgang: H-avis+, eavis og Rix – 5 kr for 5 uker

LIKESTILLING: Tysvær er kommunen i distriktet med høgast lønnsforskjellar mellom kjønna. I snitt tente menn i Tysvær 283.500 kroner meir brutto, enn det kvinnene i Tysvær gjorde. Også Bømlo og Fitjar kom dårleg ut når det gjeld inntektsfordeling.

Lågare likestilling i vest

På Bømlo tener menn 232.700 kroner meir enn kvinner, dersom ein ser på snittet av bruttoinntekter. I Fitjar er forskjellen 211.100 kroner. Til samanlikning er forskjellen mellom bruttoinntektene til menn og kvinner 164.800 kroner i Haugesund. Kommunar på Austlandet og i Nord-Noreg har jamt over høgare score på likestillingsindikatorane enn kommunar på Sør- og Vestlandet.

KVA ER DI MEINING OM KVINNEDAGEN? SKRIV I KVINNEDAGPROTOKOLLEN VÅR

– Det er logisk å sjå tala i samanheng med typen industri som pregar regionen, meiner Liza Reisel, som er forskar ved Institutt for Samfunnsforskning.

– Generelt er det slik at forskjellar mellom menn og kvinner i Noreg dreier seg mykje om kva yrkesområde ein jobbar i. Om det er eit mannsdominert eller kvinnedominert yrke, seier Reisel.

Artikkeltags